Meny
Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Stortings-representant Liv Signe Navarsete sitt innlegg til landsmøte

Gode landsmøte,

Lite er viktigare for oss enn tryggleik.

I Noreg kan dei fleste av oss leve trygge og gode liv.

Kva kan rokke ved dette?

To av dei største farane er klimaendringane – og atomvåpenbruk.

NATO reiste klimaendringar som tryggleikspolitisk problem for fleire år sidan. Og til hausten skal Jens Stoltenberg delta på klimatoppmøtet i Glasgow.

Om me ikkje tek grep vil store område som i dag produserer mat bli ueigna. Store landområde sette under vatn.   Svolt og fattigdom vil auka.  Enorme menneskemengder  drivne på flukt.

Så kan me her i lukkelandet sitje og nyte varmare klima og skrive frå oss ansvar for at me er ein av dei store drivarane for klimaendringane gjennom olje og gassutvinninga.  For me utvinn oljen så klimavenleg, må vite. Det er usolidarisk.

Det hastar å gjere energiforsyninga fornybar og å byggje ny industri der me og vert verdsleiande – slik me no er på olje og gass.  Difor må landsmøtet støtte forslag nr 406 frå Senterungdommen.

Landsmøte,

Den andre faktoren som utslettar sivilisasjonar er bruk av atomvåpen.  Stormaktsrivaliseringa fremjar våpenkappløp.

FN-traktaten som forbyr atomvåpen tredde i kraft i januar i år.

Ei ny raudgrøn regjering må skrive under og ratifisere avtalen. 

Me snakkar ikkje om einsidig nedrusting frå Nato si side, men om å gjensidig avvikle eit våpen som vil gje ufattelege lidingar om det vert brukt.

Noreg sitt forhold til Nato vert ikkje øydelagt.

Me skal vera ein god alliert. Vår regjering skal byggje opp forsvaret til å bli NATO i nord.  Me skal setje forsvaret i stand til å forsvare heile Noreg!

Landsmøte, eg ber dykk støtte forslag 1133 frå Synne Lerhoel. Og eg ber om at det vert røysta over før forslag 1132 frå Agder – slik at det om naudsynt er muleg å røyste subsidiært for det.

Kjære alle saman, me har berre ei jord. Senterpartiet må gå i front for å eliminere dei største risikoane i vår tid. For oss, for borna og borneborna våre si skuld.

Godt landsmøte!