Meny

Lat pelsdyrnæringa leve!

I den nye regjeringsplattforma mellom Venstre, Høgre og FrP blei det klart at den norske pelsdyrnæringa skal avviklast.  Med dette må over 200 pelsdyrbønder avslutte drifta.  Årsmøtet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane synest det er oppsiktsvekkjande at Solberg-regjeringa, som tidlegare har sagt at dei ynskjer ei berekraftig utvikling av næringa, fjernar henne med eit pennestrøk som del av ein politisk hestehandel.

Spesielt Venstre har vore i front for nedlegginga, og har tidlegare uttalt at pelsdyrnæringa dyreplageri.  Årsmøtet meiner det er problematisk at slike påstandar skuggar over fakta.  Den norske pelsdyrnæringa er særs sterkt regulert.  Mattilsynet kontrollerer 85-90% av bruka i Noreg årleg, der tre av fire tilsyn er umelde.  Kombinert med interne kontrollar og dyrevelferd i verdstoppen, produserer norske pelsdyrbønder pels av særs god kvalitet.  Stortingsmelding 8 (2016-2017), «Pelsdyrnæringen», fastslår at dyrevelferden i næringa er god.

 Norsk pels vert eksportert sørover i Europa, der etterspurnaden i marknaden er stor.  Det er grunnleggjande marknadsøkonomi at dersom ein tilbydar i marknaden forsvinn, men etterspurnaden framleis er høg, vil andre tilbydarar med ledig kapasitet ta over forsyninga.  På denne måten vil ei nedlegging av den norske pelsdyrnæringa flytte produksjonen til andre land med mindre regulering og dårlegare dyrevelferd.

 Næringa er lita, men speler ei viktig rolle for ivaretaking av arbeidsplassar i distrikta.  Pelsdyrnæringa er også ein viktig forbrukar av det som elles vert rekna som avfall frå til dømes næringsmiddelindustrien.  Den norske pelsdyrnæringa er ei lønsam eksportnæring, og det er forunderleg at den mest liberale regjeringa Noreg nokon gong har hatt skal setje kroken på døra for ei fullstendig legitim næring.

 Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vil:

at den norske pelsdyrnæringa held fram.
at det vert lagt til rette for ei berekraftig utvikling av den norske pelsdyrnæringa i tråd med innstillinga til pelsdyrutvalet sin rapport frå 2014.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4.mars 2018, Balestrand.