Meny

Liv Signe Navarsete sitt innlegg til landsmøte

Liv Signe Navarsete

Gode landsmøte , kjære Trygve.

Takk for ei fantastisk tale og at du er leiaren vår, me er rett og slett glade i deg!

I meir enn femti år har de vore eit politisk fleirtal i Noreg som har inkludert tenester nær folk, distriktspolitikk som eit viktig og til dels styrande element i alle sektorar. Det har gitt oss tenester nær folk og det Noreg me alle elskar. 

Med dagens regjering er det slutt på dette. No er det nærast bannlyst å nemne konsekvensar for HEILE landet når politisk vedtak skal gjerast. Lokalsjukehus er ikkje lenger viktig i helsepolitikken, i utdanningspolitikken er høgskulane sentralisert, små kommunar som har sikra gode tenester nær folk i heile landet skal bort, lensmannskontor som har sikra tryggleik og førebyggande arbeid i kommunane radert ut, og det vert understreka med brei penn at distriktspolitikken så absolutt ikkje er er ein del av landbruks- fiskeri - eller forsvarspolitikken. 

Dette vert den største oppgåve for Senterpartiet dei neste fire åra Trygve; å bygge strukturar som gjenreiser distriktspolitikken i alle sektorpolitkkane! For første gong i mine 30 år som aktiv i Senterpartiet er distriktspolitikken på den nasjonale agendaen i ein valkamp. Det gir oss unike mulegheiter til å sikre tenester og arbeidsplassar nær folk i heile landet.

Landsmøte;

Den viktigaste oppgåva for ei kvar regjering er å sikre innbyggjarane tryggleik. Då trengs sterk lokal beredskap. Politi, sivilforsvar, brann, helseberedskap og ikkje minst eit forsvar med lokalkunnskap.  Då trengs ei ny regjering og ny kurs for landet!

Dei siste åra har eg reist og besøkt forsvarsbasar over heile landet. Eg har hatt gleda av å snakke med og lære av soldatar og tilsette i Forsvaret som alle brenn for Forsvaret og i siste instans er villige til å ofre livet for landet vårt. Det som slår meg, er fortvilinga og vonbrotet hos folk i Hæren, Heimevernet og Kystforsvaret over regjeringa sin forsvarspolitikk. Høgre si kommunikasjonsavdeling prøver å selje nedbygging av Hæren, nedriving av Heimevernet, nedlegging av Sjøheimevernet, avskaffing av kystkorvettar og nedlegging av flybasen på Andøya og helikopterbasen på Bardufoss som ei historisk satsing på Forsvaret. Så godt som alle soldatane eg snakka med, har anten rista på hovudet eller rive seg i håret. 

Sist onsdag svara statsministeren meg i spørjetimen at regjeringa ikkje veit kva landmaktstudien skal ende opp i for Hæren og HV. Likevel er ho i gong med å byggje ned HV og SjøHV. Difor har Senterpartiet fremja privat lovforslag om at alle kutt skal drysset til Landmaktsutgreiinga er vedteken i Stortinget.

I går fremja me eit forslag om at hærstyrken på Bardufoss skal sikrast helikopter og helikopterbase. Me jobbar også beinhardt for å sikre flybasen på Andøya, eit anna vanvittig nedleggingsforslaget frå dagens regjering.

Regjeringa hevdar at deira politikk er ei storsatsing på Forsvaret. Likevel veit både eg og statsministeren at deira Langtidsplan ikkje vil føre Noreg i nærleiken av 2 prosentmålet me har forplikta oss til ovanfor NATO. Eit mål me må fastslå igjen på dette landsmøtet.

Senterpartiet er til å stole på i forsvarspolitikken - også. Me skal sikre innbyggjarane vår tryggleik i eit turbulent tid - der dei i bur - i heile landet!

Lukke til med eit fantastisk landsmøte!