Meny
Sigurd Reksnes, fylkesleiar, Karoline Bjerkeset, nestleiar og Morten Askvik, nestleiar Sogn og Fjordane Senterparti

Nær folk i Sogn og Fjordane i 100 år

«Bygdevegane må få breiare plass på vegbudsjettet. Arbeidet med bygging av vegar til bureising, avsidesliggande gardar og stølar må fremjast og reglane for desse tilskot takast opp til revisjon.» «Landet sit bruk av brensel må meir enn før takast frå dei norske skogar». «Vi må få utjamning av den store skilnaden der er millom lands- og byungdom til å skaffe seg skuleopplæring.» «Våre gamle rettar og fangstinteresser i polhavet og langs kysten må vinnast att og vernast ved eit effektiv oppsyn».

Dette er protokollførte endringar og tilleggsframlegg til valprogrammet frå Bondepartiet Sogn og Fjordane i 1936. Godt gjenkjennelege politiske saker frå eit parti som fyller 100 år etter stiftinga 18. februar 1921 av det som då vart kalla «Landsmandsforb. fylkesstyre for Sogn og Fjordane fylke, i dag betre kjend som Sogn og Fjordane Senterparti.

Historia til Senterpartiet starta med eit ynskje om å beskytte norsk næringsliv og norske interesser, ta i vare distrikta og ta i vare norsk kultur og språk. Landbruket og matproduksjon har vore ei fanesak for partiet i alle år og er det framleis fordi dette legg livsgrunnlaget for alle. Bruk av jord og skog og vidareforedling av fornybare ressursar i tråd med ein forvaltartankegang der jorda du har til låns den tida du er i livet, skal overlatast i betre stand når neste generasjon tek over. Forvaltartankegangen er med i all Senterpartiet sin politikk og ligg i botnen når politiske vurderingar skal gjerast.

For Sogn og Fjordane Senterparti har utjamning, til liks med moderpartiet, vore ein grunnpilar i utforminga av politikken. Både og geografisk og sosialt. Godt plassert i sentrum der politisk gjennomslag har vore avgjerande for kva samarbeid ein har landa på. For Senterpartiet er politisk makt eit middel til å få gjennomslag for den politikken vi meiner best kan medverke til å oppfylla måla om eit samfunn der alle er jamstelde, der utdanning, inntekt og moglegheiter ikkje avhenger verken kor du bur eller kva foreldra dine har gjort. Dette har gjort at Senterpartiet har samarbeidd både til høgre og venstre i fylkesting og kommunestyre. Difor har vi også arbeidd for breie, tverrpolitiske fleirtal for å sikre dei beste vedtaka som kan stå seg over tid. Slik bygger samfunnet i lag og hindrar konflikt og splitting mellom folk.

For Senterpartiet i Sogn og Fjordane har det til alle tider vore viktig å bygge lokalsamfunna på dei ressursane vi har og dei folka som bur her. Vi lever både bratt og rasfarleg, men vi rår over store naturressursar, på land og i sjø som både må forvaltast for framtidige generasjonar, men også nyttast til å skape gode liv i alle små og store bygdesentra, byar og tettstadar. Vi leverer straum, mat, teknologi, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er ikkje råd å gjere om det ikkje bur folk her som kan hauste av ressursane og sørge for at dei vert forvalta berekraftig. Det er i Måløy og Solund folk haustar av havet, i Årdal og Høyanger vi produserer aluminium av rein, fornybar energi, i Florø vi forsyner oljeindustrien, i Gloppen og Sunnfjord vi produserer rein og trygg mat frå jordbruksareala og i Stryn og Flåm vi tek i mot turistar og skapar arbeidsplassar ut av ei kulturlandskap som har vore drive i århundre. Og det er folka som har vore her, som kjem hit og som blir her – ei lang eller kort stund, som gjer at vi maktar å skape frå desse ressursane vi har og som finn nye måtar å bruke dei på.

Då trengs det velfungerande lokalsamfunn med arbeid til fleire, gode helsetenester og gode oppvekstvilkår nær folk. Då trengs det gode kommunikasjonar som gjer at vi kan reise ut og at folk kan reise hit. Då trengs det breiband som sørgjer for at vi kan kommunisere og møtast digitalt. Då trengs det tenester som gjer at vi føler oss trygge når ulykka er ute.

Vi har opp gjennom historia vår har vi vorte skulda for å vere i mot endringar. Dei politiske partia som ikkje tek innover seg at utviklinga fører til endra utfordringar, overlever ikkje som parti. Sjølv om samfunnet har gått gjennom kolossale endringar på desse 100 åra, ser vi også at folks behov er dei same. Folk ynskjer tryggheit for arbeid og helse, for seg sjølv og sine nære og dei ynskjer å leve liva sine lokalsamfunna. Då er det viktig at arbeidsrettar vert verna om, at det er nasjonal kontroll med naturressursane som skapar verdiane som vi i fellesskap deler på, at dei unge og dei nye ikkje fell utanfor og at folkevalde skal ha styring med utviklinga og ikkje overlate alt til marknadskreftene.

Lokal eigarskap til energiressursane er og har vore ei kjernesak for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Fossekrafta er ei evig fornybar energikjelde, og inntektene frå kraftproduksjon og foredling av denne har gjeve fylkeskommunen og kommunane økonomisk armslag og høve til å investere i vegar, skular og næringsutvikling. Difor har også konsesjonslovene vore ei viktig sak for Senterpartiet så lenge vi har eksistert som parti. Vi har bygd samfunnet vårt opp på naturressursar i alle år, enten det har vore skog, fisk, fossekraft eller olje. Lokalt og nasjonalt eigarskap gjev kontroll over kva som skjer med naturresursane og sikrar at dei kan brukast til beste for innbyggarane våre.

For Senterpartiet i Sogn og Fjordane har kampsakene frå 1936 endra seg lite. Det trengs ei satsing på vegbygging i distrikta der folk og gods kan fraktast utan å risikere liv og helse på rasfarlege vegar. Heile Noreg må ha fullt utbygd fiberbreiband. Høgare utdanning må vere tilgjengeleg i heile landet. Det er viktig at norske ressursar vert nytta til våre behov for å sikre beredskap og næringsutvikling med utgangspunkt i eigen naturressursar. Dette vil vere ei gullkanta investering for landet vårt.

Framtida vil by på nye næringar og nye måtar å drive næring på. Dei siste 100 åra med rivande teknologisk utvikling har synt oss at vi som samfunn må vere budde på at løysingar vi har i dag, ikkje er løysingane i morgon. Samstundes er det viktig å ha med seg kva løysingane skal svare på og at vi ikkje misser målet av syne, enten det er næringsutvikling, velferdstenester eller klimautfordringa. Vi skal ikkje endre for endringa si skuld, men vi skal endre fordi det skal verte betre og løyser problema.

Skal vi lukkast med å byggje eit godt samfunn med gode nærmiljø er det viktig at alle er med. Sjølv om vi i Sogn og Fjordane har det lågaste fråfallet i den vidaregåande skulen, er ein elev som dett i frå, ein for mykje. Vi ser og at det er alt for mange som fell utanfor arbeidslivet i ung alder. Ei av dei største utfordringane vi har er å sørgje for at flest mogeleg vert med i arbeidslivet og ikkje fell utanfor.

Senterpartiet si løysing for dei neste 100 åra som det har vore dei 100 føregåande, er desentralisering av makt, kapital og folk. Avgjerder skal takast av folkevalde som skal kunne stillast til ansvar og makta skal vere så nær folk som mogleg. Slik meiner vi at vi alle i lag skaper eit berekraftig samfunn i framtida, der våre etterkomarar også får høve til å leve gode liv der dei ynskjer.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane sin styrke er at vi har våga å vere frimodige og stå for det vi meiner er rett. Det skal vi vere i framtida og derfor seier vi «nær folk» også dei neste hundre åra.

Sigurd Reksnes, fylkesleiar.
Karoline Bjerkeset, nestleiar
Morten Askvik, nestleiar

Sogn og Fjordane Senterparti