Nasjonal kontroll med naturressursane betyr faktisk noko, Olve Grotle
I eit innlegg i avisene bagatelliserer Høgre og Olve Grotle utanlandsk oppkjøp av norske småkraftverk. Kven som skal eige og kontrollere norske naturressursar er ein viktig skilnad på Høgre og Senterpartiet sin politikk. Difor er det bra at vi får debatt om det. I fjor fekk ein tysk eigar overta ein norsk skogeigedom på 590 000 dekar med alle sine rettar. Høgreregjeringa gjorde ingenting for å stoppe salet. I debatten i Stortinget uttalte Høgre at det ikkje spelar så stor rolle om det er norske eller utanlandske eigarar til jord og skog i Norge. Haldninga er ikkje ny. Høgre har over tid ønska å svekke konsesjonslovverk og anna lovverk som sikrar norsk eigedomsrett til naturressursane. For ikkje mange år sidan ønska programkomiteen til Høgre å fjerne heimfallsretten som sikra norsk eigarskap til dei store kraftverka våre. Den gong rykka tidlegare statsminister Willoch inn og fekk snudd landsmøtet. No er liberalistane på nytt i frammarsj.
Småkraft og eigarskap til norsk energiproduksjon er viktig. Senterpartiet er difor sterk tilhengar av lovverk som sikrar at fellesskapen eig kontrollerande delar av den store norske vasskrafta. Norsk vindkraft har dessverre også i aukande grad blitt kjøpt opp av utanlandske aktørar. Her er konsesjonstid på i hovudsak 25 år viktig for å sikre norske styresmakter kontroll over utviklinga og grunneigarar kontroll over landområda. Småkraft har i dag ikkje dei same avgrensingane. Ein måte å møte dette kan vere å avgrense utleige av fallrettane til 30-40 år – slik at ein unngår at naturressursar vert selde eller leigde ut over 60, 80 eller 100 år til utanlandske investorar.
Å gjere skog og jord til spekulasjonsobjekt i ein internasjonal marknad er ikkje utenkeleg for dei som ser verda med høgrebriller. Om ein arbeider ut frå ein logikk om at kvar eigarskapen til naturressursane sit ikkje betyr noko, kan ein jo seie at det same gjeld fisk, fossar og oljefelt. For Senterpartiet betyr eigarskap noko.
Nyleg har Norge si fiskeriforvaltning i Svalbardsonen blitt utfordra av EU. Regjeringa har sendt sine protestar. Det skulle berre mangle – det er likevel eit paradoks at Høgre arbeider for at Norge skal melde seg inn i EU – og slik sett gjere norsk hav til EU hav. Vi må berre håpe at Høgre ikkje gjer knefall for Brussel i denne viktige saka og overlèt fiskeriressursar i området til EU landa.
Når Senterpartiet seier at nasjonal kontroll er viktig er det nettopp fordi vi som nasjon gjennom heile nyare norsk historie har brukt jord, skog, fisk, vasskraft og petroleum til å skape industri, arbeidsplassar og aktivitet i Norge. Lovverket har også sikra at eigarskapen til jord og skog er fordelt på mange hender og ikkje i hendene til få store landeigarar slik det er i enkelte andre land. Senterpartiet har foreslått å tette hòlet i lovverket som hindrar nye store utanlandske oppkjøp av norske jord- og skogeigedomar. Høgre stemte mot forslaget så seint som i februar. Vi treng eit sterkt Senterparti og ei ny regjering for å sikre norsk eigarskap til naturressursane våre.
Erling Sande
Stortingskandidat for Senterpartiet