Meny
20210526-SP-_92A2086-Edit (2)

Naturressursane må vere under norsk kontroll og skape ringverknader lokalt

Senterpartiet meiner naturressursane våre må vere under norsk eigarskap og kontroll – det ønskjer ikkje høgreregjeringa.

I fjor fekk ein tysk eigar overta ein norsk skogeigedom på 590 000 dekar med alle sine rettar. Høgreregjeringa gjorde ingenting for å stoppe salet. I debatten i Stortinget uttalte Høgre at det ikkje spelar så stor rolle om det er norske eller utanlandske eigarar til jord og skog i Norge.

Haldninga er ikkje ny. Høgre har over tid ønska å svekke konsesjonslovverk og anna lovverk som sikrar norsk eigedomsrett til naturressursane. For ikkje mange år sidan ønska programkomiteen til Høgre å fjerne heimfallsretten som sikra norsk eigarskap til dei store kraftverka våre.

Senterpartiet ønskjer at vi gjennom eigarskap og lovgjeving skal sikre den norske eigarskapen og kontrollen med naturressursane. Vi ønskjer ein annan politisk kurs der vi sikrar kontrollen med ressursane og der dei gjev verdiar tilbake til lokalsamfunna der verdiskapinga skjer.

Å gjere skog, jord og vasskraft til spekulasjonsobjekt i ein internasjonal marknad er ikkje utenkeleg for dei som ser verda med høgrebriller. Om ein arbeider ut frå ein logikk om at kvar eigarskapen til naturressursane sit ikkje betyr noko, kan ein jo seie at det same gjeld fisk, fossar og oljefelt. For Senterpartiet betyr eigarskap noko.

Høgreregjeringa har på fleire områder styrt pengar frå områda der naturressursane er og til statskassa. Distrikta vert taparen ved omfordeling av inntektene. Eit eksempel er omlegginga av havbruksfondet der Høgre, Venstre og KrF endra fordelinga av inntektene frå havbruksfondet slik at kommunane i Sogn og Fjordane fekk 172,5!(!) millionar mindre i 2019 og 2020 av inntektene. Vestland fylkeskommune fekk 65,5 millionar mindre enn dei hadde fått ved den modellen Senterpartiet kjempa for. Senterpartiet meiner at dei lokalsamfunna som bidreg med inntekter til fellesskapen gjennom å nytte naturressursane også må sitte igjen med ein større del av verdiane.

Når Senterpartiet seier at nasjonal kontroll er viktig er det nettopp fordi vi som nasjon gjennom heile nyare norsk historie har brukt jord, skog, fisk, vasskraft og petroleum til å skape industri, arbeidsplassar og aktivitet i Norge. Lovverket har også sikra at eigarskapen til jord og skog er fordelt på mange hender og ikkje i hendene til få store landeigarar slik det er i enkelte andre land. Senterpartiet har foreslått å tette hòlet i lovverket som hindrar nye store utanlandske oppkjøp av norske jord- og skogeigedomar. Høgre stemte mot forslaget så seint som i februar. Vi treng eit sterkt Senterparti og ei ny regjering for å sikre norsk eigarskap til naturressursane våre, lokale arbeidsplassar og lokal verdiskaping.

Erling Sande, Aleksander Øren Heen og Emma Berge Ness

Stortingskandidatar Sogn og Fjordane Senterparti