Meny

Noreg må vise solidaritet!

I tillegg til koronapandemien har Europa ei humanitær krise på eige kontinent.  Hellas fekk 75.000 nye asylsøkjarar i fjor.  Moria-leiren på den greske øya Lesvos er bygd for knapt 3000 menneske, men husar no omlag 20.000.  Situasjonen er dramatisk, spesielt for borna, og den vert stadig forverra.

FNs Høgkommissær for flyktningar ber europeiske land vise solidaritet og ansvarsdeling – og samarbeide med Hellas om relokalisering.

 

Dei norske humanitære organisasjonene som er involverte i hjelpearbeid på dei greske øyene dokumenterer jamnleg dei uakseptable tilhøva.  Også desse bør Noreg bidra med avlastning i form av evakuering og relokalisering av nokre av dei mest sårbare flyktningane.

 

I 2016-17 gjorde Noreg nettopp dette, då vi vedtok å relokalisere 750 asylsøkjarar frå Hellas til Noreg som ein del av eit europeisk spleiselag.  Dette tiltaket fungerte godt, men så snudde vi.  I dag er ventetida for første asylintervju i Hellas opptil 7 år.  På same tid har Noreg bede Hellas om å relokalisere asylsøkjarar som har kome til Noreg via Hellas.  Hellas har sagt ja til å ta imot 19.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner Noreg straks bør stanse førespurnadane om slike returar, og heller igjen bidra til relokalisering frå Hellas til Noreg. Å bruke manglande semje i EU som orsaking for ikkje å handle, er ikkje Noreg verdig.  Andre europeiske land viser at det er mogleg å avlaste Hellas utan å ha ein felles avtale på plass.

 

I dagens situasjon med koronapandemi er det ikkje aktuelt å ta i mot store grupper asylsøkarar, men Noreg kan utan store problem ta mot både born og unge einslege asylsøkarar.   Storbritannia har til dømes evakuert nokre born og Tyskland har sagt ja til å ta i mot fleire hundrede born.  Noreg har kapasitet og erfaring, og mange norske kommunar er klare til å hjelpe.  Noreg bør no lytte til FNs hødkommissær for flyktningar og bidra til å avlaste Hellas.

 

Senterpartiet Sogn og Fjordane ber difor regjeringa:

  • Setje i verk relokalisering av barn og unge einslege asylsøkarar frå Hellas til Norge.
  • Innføre mellombels stopp i retur av asylsøkarar frå Norge til Hellas.