Når du et norskprodusert mat, så et du trygg mat. Salmonellabakteriar i importert kjøtdeig syner at mattryggleiken i Noreg vert utfordra av meir import. Knapt noko land i verda brukar mindre antibiotika til dyra enn den norske bonden. Det gjer at det aukande problemet med antibiotikaresistente bakteriar internasjonalt, ikkje er ei utfordring i norskproduserte matvarer.
Koronapandemien har synt oss kor viktig det er å ha tryggleik for eigen beredskap og matforsyning. Kva om neste store krise vert ei matvarekrise? Eg trur at alle land må gjere det dei kan for å produsere nok og trygg mat til eiga befolkning. Dette burde vere like sjølvsagt som å ha eit sterkt forsvar, politi og helsevesen. Når krisa treff er det ofte for seint å handle. Det tek årevis å byggje opp att matproduksjonen dersom den først er bygd ned.
Det å ha eit aktivt landbruk i heile landet er med på å skape arbeidsplassar. Ikkje berre på gardane, men i transportbransjen, bygg, elektro, verkstad, og sist men ikkje minst, 40 000 arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien over heile landet. Næringsmiddelindustrien er faktisk den industrien med flest arbeidsplassar på fastlandet i Noreg.
Effektiviseringa i landbruket har vore beinhard i mange år. Ein bonde i dag produserer meir enn dobbelt så mykje mat per arbeidstime som den same bonden gjorde på 1990 talet. Ingen andre næringar i Noreg kan syne til den same veksten i arbeidsproduktivitet som landbruket. Då skulle ein kanskje tru at det var lukrativt å produsere mat til det norske folket? Dessverre så er det alle andre enn bonden som sit att med gevinsten . Forbrukarane har aldri brukt ein mindre del av inntekta si på mat, og staten brukar ein stadig mindre del av statsbudsjettet på å oppretthalde sjølvforsyninga i landet vårt. Dette kan ikkje fortsette.
Eg trur at grunnen til at mange likevel held fram, er at bonden likar jobben sin, og finn det svært meiningsfullt å produsere mat. Realitetane for dei som ønskjer å satse på ei framtid som bonde er likevel harde. Skal du til dømes satse på ein moderne mjølkeproduksjon, så krev det enorme mengder kapital. Investeringar i bygg, mjølkekvote og driftsapparat kostar mykje pengar. Her i Sogn og Fjordane er det ekstra krevjande med vår storleik på gardsbruka, å få stort nok omfang på produksjonen til at investeringane vert lønsame.
No må bonden få eit løft i inntekta ,og det må leggast til rette for ei investeringspakke som gjer at ungdomen vil satse på ei framtid som matprodusent. Vi treng ein landbrukspolitikk som er tilpassa ressursgrunnlaget i ulike delar av landet, og som gjev bonden ei inntekt som er til å leve av. Eg håpar at #bondeopprør21, og det føreståande jordbruksoppgjeret, vil føre til bonden sitt arbeid vert verdsett.
Sigurd Reksnes
Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti