Meny

NSB sitt namnebytte, til EU sin nytte?

Norske statsbaner, NSB vil no altså skifte namn og logo til VY. Prislappen på eit slikt namneskifte vil etter alt sannsyn komme på ein stad mellom 200 og 300 millionar. Det at sitjande regjering synes dette høyrest ut som ein god idè er ikkje noko nytt, endeleg ein moglegheit til å bli kvitt ordet "stat" i eitt bedriftsnamn til! Regjeringa har allergi mot alt som kan forbindast med å være statseigd og ikkje privatisert.

Det at regjeringa synes det er fornuftig å bruke så mykje pengar på noko som nesten ingen andre ser noko poeng i, er skremmande, men ikkje noko nytt. Men kva er eigentleg baktanken ved eit slikt namneskifte no, og at enkelte ivrar slik for det? Kvifor er det no så viktig å bli meir internasjonale i namnet?

Regjeringa ønskjer å opne for meir konkurranse på norsk bane. Blant anna med jernbanedirektivet frå EU. Direktivet har eit mål om oppsplitting og konkuranseutsetjing, det vil pålegge oss som land å konkurranseutsette persontrafikken. Denne jernbanepakken vil også gjere endringar i sikkerheitsdirektivet, i den forstand at sikkerheitsmyndigheit for jernbane ikkje lenger vil være staten og landets myndigheiter, men EUs jernbanebyrå ERA og EU-domstolen.

ERA har som målsetjing i denne prosessen å lempe på og harmonisere regleverket for godkjenning av nytt togmateriell, og gje sikkerheitssertifikat til
togselskapa slik at desse automatisk gjeld i heile EU og EØS sitt område.
Dette betyr altså at statens jernbanetilsyn, som i dag har sikkerheitsansvaret i stor grad, går vekk frå å være eit sikkerheitsorgan, og meir over til å bli eit marknadsovervåknings-organ. Norsk jernbane er i dag av dei sikraste i Europa. Vi har eit svært strengt sikkerheitsregelverk og gode rutinar og regleverk for opplæring av personale.

ERA har som mål å rydde "overflødige sikkerheitstiltak" av vegen. Saman med målet om harmonisering av regelverk for tog og jernbanematriell i heile EU/EØS, vil dette kunne bety at ein løftar sikkerheitsnivået i land der dette i
dag er svært dårleg, men dreg ned sikkerheitsnivået i land som Noreg, til eit gjennomsnitt.

Så tilbake til NSB og VY.

Blir togtrafikken meir effektiv av eit namnebyte til 280 millionar? NEI.
Blir det mindre forseinkingar av det? NEI.
Blir det enklare og betre for folk å bruke kollektivtransport som ei følgje av namnebyte? NEI.
Er dette samla fornuftig bruk av pengar og ei investering for framtida som ein ikkje kan være
forutan? NEI!
Kunne ein brukt desse pengane på andre formål innanfor jernbane, som hadde oppfylt nokon av desse forbetringane? JA!

Det å bytte ut eit så gamalt, truverdig og tradisjonsrikt namn som NSB faktisk er, vil også være historielaust. Det er også stikk i mot alle tilrådingar frå Språkrådet, slik som også fleire andre namnebytte på store, viktige organisasjonar har vore den siste tida. Det blir argumentert med at namnet NSB er lite innovativt og ikkje dekkande og tilstrekkeleg nok sidan NSB også driv Nettbuss, som ikkje har noko med statsbaner å gjer. Namnet er altså mistydande.


Sogn og Fjordane Senterungdom synes eigentleg det også blir veldig mistydande dei gongane FrP kallar seg partiet for folk flest, då siste meiningsmålingar viser at dei er partiet for om lag 10%. Eller då Høgre seier dei "trur på Noreg" samtidig som dei helst vil ha oss inn i EU.

Kanskje fleire skulle vurdere å bytte ut mistydande namn og slagord?

Sander Solheim 

Politisk nestleiar - Sogn og Fjordane Senterungdom