Ny kurs for heile landet!
Senterpartiet vil ha ei ny regjering, med ei heilt ny retning. Me vil ha eit Noreg med ein politikk for heile landet, slik at det skal vere like lett å bu i Florø, Framfjorden og Faleide som i Oslo.
Då må vi arbeide for gode tenester nær folk, god lokal beredskap og ei utvikling av både små og store stadar. Staten må ikkje trekke seg vekk gjennom sentralisering – men vere tilstades i lokalsamfunna og bygge opp under utviklinga der. Vi vil sikre at bruk av naturressursar bidreg til lokale ringverknader og verdiskaping.
Unødvendig byråkrati hindrar fornuftig utvikling. Vi vil gje meir makt til lokale folkevalde og større lokal fridom. Slik vert det lettare å finne dei gode lokale løysingane som gjev høve til å utvikle næring, bygge hus og nytte lokale ressursar. Vi treng ein klimapolitikk som løyser dei globale utfordringane, der vi kuttar eigne utslepp og nyttar fornybare ressursar utan å skape sosiale skiljeliner.
Senterpartiet seier ja til Sogn og Fjordane. Til eit fylke med nærleik til makta, god lokalkunnskap og med fleire oppgåver under folkevald styring.
Senterpartiet seier ja til tenester nær folk uavhengig av om du bur i ein liten eller stor kommune. Gode skular, omsorgstenester, kulturtilbod og lokal næringsutvikling er avhengig av at kommunane har økonomiske råmer til å prioritere utover dei lovpålagde tenestene. Senterpartiet vil ha eit system som tek i vare både store og små kommunar.
Senterpartiet seier ja til ein samferdslepolitikk som medverkar til at folk kan bu og skape verdiar i heile landet. Vi vil ha eit løft for fylkesvegane med auka vedlikehald og reduksjon av etterslepet slik at næringslivet får fram varer og arbeidsfolk. Vi må ha rassikre vegar som gjer at folk kjem trygt fram til arbeid, skule og fritidsaktivitetar og som gjer at folk kan busetje seg der dei ynskjer. Kortbanenettet er ein viktig del av Sogn og Fjordane sitt kollektivtilbod og er avgjerande for eit velfungerande næringsliv. Vi skal senke prisane på ferje- båt og flybillettane og sikre eit godt tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Senterpartiet seier ja til å skape ny industri basert på grøn teknologi og norske ressursar med lokalt og nasjonalt eigarskap. Vi skal bruke vasskraftressursane våre til å skape norske industriarbeidsplassar og ny grøn næring - og bruke olje- og gassressursane våre slik at vi bidreg til ein reinare fossil industri på verdsbasis. Den kompetansen vi har i petroleumssektoren skal vi nytte til å omstille oss over til eit fornybart samfunn. Vi må sikre at naturressursane våre skapar sysselsetting, verdiskaping og ringverknader lokalt.
Senterpartiet seier ja berekraftig bruk av naturressursane våre. Fornybare råvarer er vesentleg for beredskap, klima og arbeidsplassar. Våre grasressursar skal verte nytta til produksjon av mjølk og kjøt, som gjev inntekt og investeringsmidlar. Jordbruket skal vere ei attraktiv næring for nye generasjonar! Skogane i Sogn og Fjordane er viktige for omstilling til eit fornybart samfunn og medverkar til opptak av klimagassar. Vi skal ha eit aktivt skogbruk i Sogn og Fjordane som skapar verdiar og som er med å når våre klimamål.
No er det ein månad att til valet. Kvar stemme tel. Vi brukar vår stemme på ei ny retning. Senterpartiet seier ja til ein politikk for heile landet.
Erling Sande, 1.kandidat Sogn og Fjordane Sp
Aleksander Øren Heen, 2.kandidat Sogn og Fjordane Sp
Emma Berge Ness, ungdoms/3.kandidat Sogn og Fjordane Sp