Meny

RØYST JA TIL SOGN OG FJORDANE 11. SEPTEMBER

Liv Signe Navarsete, Steinar Ness og Sigurd Reksnes

Sogn og Fjordane har gode resultat på mange område. Me har gode skular, gode velferdstilbod, låg kriminalitet og høg sysselsetjing. Låg oljepris som slår uheldig ut for viktige næringar, er positivt for andre.

. Låg kronekurs er til fordel for både turistnæringa og bedrifter som eksporterer t.d. sjømat. Høge internasjonale prisar på andre varer enn olje, er også positivt for industrien. Både Høgre og NHO burde takke EU-motstandarane for at me har vår eigen valuta, og det gler oss når me dagleg frå den kanten for høyre kor godt det går i næringslivet utanfor EU. Me har ikkje møtt nokon i fylket siste året som har argumentert for norsk medlemskap i EU og innføring av euro.

I Senterpartiet har me tru på framtida. Me trur også Sogn og Fjordane er liv laga. Me meiner ikkje at det er framtidsretta og nytenkjande å gå attende til grensene me hadde Bergenhus amt frå middelalderen og fram til 1773 då Sogn og Fjordane vart eige fylke.

Det er mogeleg å tru på framtida, og samstundes vere usamd i politikken til Høgre og Frp. I staden for å forsvare regjeringa sin sentraliseringspolitikk innanfor politi, forsvar, beredskap, helse, kommunar og regionar, ynskjer Frida Melvær og kompani å sole seg i glansen av folk som lukkast i dette flotte fylket i staden. Politikarar kan ikkje ta æra for høge internasjonale prisar på sjømat, godt vèr og godt arbeid av tilsette og leiarar i mange bedrifter.

Vi treng nokon som står opp for fylket. Vi treng ein politikk som legg til rette for at folk framleis kan utvikle bedriftene sine og leve liva sine i heile landet. Vi treng ein politikarar som ser heile landet og som ser at det er verdifullt at det bur folk der ressursane finnast. Vi treng ikkje ein politikk som skal endre og reformere det som fungerer godt fordi ein har eit ideologisk standpunkt om at berre alt vert større og sentralisert, så vert det betre.  

Det er mange som seier JA til fellesskap. Mange seier JA til lensmann, lege og prest ute i kommunane våre.  Mange er samde i at me treng grenser. Mange meiner det er rett å organisere tilbod lokalt som tek utgangspunkt i geografi og avstandar, og ikkje ein teoretisk formel og eit teknisk tal.

Det er dei mange små fellesskapa som er limet i samfunnet og i sum gjev oss eit nasjonalt fellesskap. Det er heimen, nærmiljøet, grenda, bygda, skulekretsen, kyrkjesoknet, fagforeininga, ungdomslaget, idrettslaget, musikk-korpset, lensmannsdistriktet, kommunen osv.  Og me treng fellesskaps-institusjonane; skulen, kulturhusa, kyrkjene og  folkets hus.  Gjennom å delta i desse fellesskapa byggjer me  samfunn prega av tillit, ansvar, medansvar, rettar og plikter. Me bryr oss, me stiller opp for kvarandre, me deltek i dugnad og me arbeider i lag for noko som er større enn oss sjølv.

Senterpartiet seier

- JA til nasjonal råderett over naturressursar 

- JA til gode velferdstilbod er folk bur

- JA til breiband, mobildekning og utjamning av nettleiga

- JA til lokal beredskap til som gjev folk tryggleik i kvardagen (brannvern, politi, ambulanse, sivilforsvar og heimevern)

- JA til ein aktiv næringspolitikk som gjev grunnlag for vekst og utvikling i alle delar av fylket

- JA til mattryggleik og matproduksjon. 

 11. september kan du seie JA til Sogn og Fjordane og nei til meir sentralisering av arbeidsplassar, tenestetilbod og makt.

Liv Signe Navarsete, 1. kandidat
Steinar Ness, 2. kandidat
Sigurd Reksnes, 3. kandidat