Meny

Rettvis skatt for heile landet

Sigurd Reksnes

Dei siste fire åra med Høgre og Frp i regjering har det blitt gjeve stor skattelette til dei som har aller mest. Skattegrepa til regjeringa har gjennomgåande ein negativ distriktsprofil.

Svekking av pendlarfrådrag kombinert med auke i drivstoffavgiftene og bompengar, utgjer mange tusenlappar for mange som pendlar til og frå jobb og som er avhengige av bil for å få kvardagen til å gå i hop. Ein typisk pendlar må no betale 2620 meir i skatt som følgje av regjeringa sin politikk.

For næringslivet er der også mange døme på at regjeringa sin politikk slår dårleg ut. Regjeringa sin iver etter å slå saman kommunar vil føre til auka arbeidsgjevaravgift for næringslivet mange stadar. Eit døme på dette her i fylket er Kinn. Næringslivet i Vågsøy vil om ein føl tidlegare praksis måtte betale maksimal sats slik som dei gjer i Flora i dag. For den nye storkommunen i Sunnfjord vil bedriftene i Naustdal, Gaular og Jølster måtte betale full arbeidsgjevaravgift slik bedriftene i Førde gjer i dag. For ei ny storkommune i Sogn så vil det same gjelde der.

Senterpartiet vil forsvare den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Den er eit av dei viktigaste distriktspolitiske virkemiddela vi har. 

Berebjelken i næringslivet i Sogn og Fjordane er dei små og mellomstore verksemdene. Dei utgjer grunnfjellet i næringslivet og skaffar arbeidsplassar til tusenvis i heile fylket. Senterpartiet vil føre ein målretta skatte og avgiftspolitikk slik at næringsdrift, nyskaping og verdiskaping løner seg i heile landet.  Senterpartiet vil redusere trygdeavgifta for sjølvstendig næringsdrivande, auke jordbruks, fiskar og sjømannsfrådraget og redusere verdsettinga av driftsmidlar til 80 prosent i formuesskatten.

Sp prioriterer å vidareføre dei viktige startavskrivingane på investeringar som regjeringa foreslår å avvikle. Vi forbetrar også andre avskrivingsordningar. Dette er viktige grep for å auke styrke særleg  mindre bedrifter.

Førre gang Sp var i regjering så vart botnfrådraget i formuesskatten heva frå 150 000 til 870 000 kroner. Den sitjande regjeringa har auka vidare til 1,48 mill,- Senterpartiet meiner at dette ikkje er nok, I vårt alternative statsbudsjett så foreslo vi eit botnfrådrag på 1,7 mill. Senterpartiet har programfesta ein ytterlegare auke i botnfrådraget.

Senterpartiet vil ha ein formueskatt som gjer at dei som har mest må bidra, men som samstundes skjermar vanlige folk og som i stor grad skjermar arbeidande kapital.

Senterpartiet sin skatte og avgiftspolitikk byggjer på einskildmenneskes sin rett til fridom, sjølvstende og medvit om at vi inngår i eit fellesskap. For Senterpartiet er det viktig at skattesystemet vert oppfatta som rettferdig av storparten av befolkninga og at seriøse norske bedrifter har minst like gode konkurransevilkår som internasjonale storselskap. Skatte og avgiftssystemet må utformast slik at det skal lønne seg å jobbe og at ingen vert låst inne i trygdesystemet. Derfor ønskjer Sp mellom anna eit særleg skattefrådrag for låglønna i arbeid.

Velferdsstaten må finansierast og alle må bidra. Skattesystemet må stimulere til vekst og sikre sysselsetting og fordeling.

 

Sigurd Reksnes

Fylkesleiar og 3. kandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane Senterparti.