Tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande (Gloppen) har fått flest framlegg i 1. runde av Sp-nominasjonen.
Han er føreslegen på 17 av dei 18 listene nominasjonsnemnda har fått inn.
Aleksander Øren Heen (Årdal) er føreslegen på 15 av listene og på tredjeplass finn ein ungdomskandidatane Emma Berge Ness (Sunnfjord) med 14 framlegg.
Vidare rekkefølgje på dei som har seks eller fleire forslag er;
Namn: |
Kommune: |
Tal framlegg: |
Mongstad, Gunn Åmdal |
Solund |
11 |
Reksnes, Sigurd |
Stad |
11 |
Tennø, Marit Aakre |
Luster |
10 |
Bjerkeset, Karoline |
Gloppen |
8 |
Horpen, Hilde |
Årdal/Senterungdomen |
8 |
Bøthun, Kristin Rundsveen |
Sogndal |
6 |
Menes, Arnstein |
Sogndal |
6 |
Solheim, Sander |
Kinn/Senterungdomen |
6 |
Det er lokallaga i Senterpartiet, samt fylkeslaga i Senterkvinnene og Senterungdomen som var invitert til å
kome med framlegg på kandidatar. Desse vil no bli invitert til 2. runde der ein skal sette opp 10 namn i
prioritert rekkefølgje. Svarfrist er 15. september 2020.
Senterpartiets nominasjonsnemnd har spurt dei fire fremste på lista frå 2017 om ja, eller nei, til renominasjon. Av desse takka Sigurd Reksnes (Stad) og Aleksander Øren Heen (Årdal) ja til renominasjon. Liv Signe Navarsete
(Lærdal) og Steinar Ness (Sunnfjord) takka nei til renominasjon.
Senterpartiets nominasjonsmøte skal vere i slutten av november 2020. Nominasjonsnemnda legg opp til å ha klart sitt endelege framlegg medio oktober.
Ynskjer du å melde inn eit namn til nominasjonen? Gå inn her og spel inn inntil tre namn til nominasjonsnemnda.