Gå til hovedinnhold

Senterpartiet vil satse på kortbanenettet

Kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane er ein viktig nerve for reise- og næringslivet og for innbyggarane i fylket. For Sogn og Fjordane, og landet elles der avstandane er store, spelar flyplassane ei avgjerande rolle for at det kan skapast arbeidsplassar og verdiar over heile landet.

Utviklinga på desse flyplassane har dei siste åra vore særs ulik der det er stor skilnad på rutetilbod og flyavgangar. Dette gjer at det vert ulike moglegheiter for vidare utvikling og vekst i næringslivet.

 Kortbanenettet vert med jamne mellomrom peika på som ein utgiftspost og ei byrde, subsidiert av staten og nokre få store flyplassar. Det er viktig å peike på at verdiskaping og forvalting av store naturressursar skjer der desse flyplassane ligg. Det er utallige døme på bedrifter som ikkje kunne eksistert dersom desse flyplassane ikkje var der. Desse bedriftene skapar inntekter og arbeidsplassar i sine område, inntekter som går til fellesskapet og arbeidsplassar som gjer det mogleg å bu og leve i distrikta.

 Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner vi treng ei sterkare satsing på kortbanenettet og ei satsing på vidareutvikling av desse flyplassane.

 For å sikre at flyrutene mellom Sogn og Fjordane og Oslo skal tene fylket best mogleg, er det viktig at Oslo lufthavn Gardermoen (OSL) vert utvida med ei tredje rullebane. Kapasiteten på OSL er nær sprengt og det er viktig for oss at kortbanerutene framleis går dit og ikkje vert lagt til Sandefjord lufthavn, Torp eller Rygge.

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • Ha fleire direkteruter til og frå fylket.
  • Arbeide for ei flyrute mellom Stavanger og Trondheim med mellomlanding i fylket.
  • Arbeide for å få attende offentleg rutekjøp (FOT-ruter) på Florø lufthamn.

 

Til

Samferdsledepartementet v/statsråd Ketil Solvik-Olsen

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkesutvalet og hovudutval for samferdsle

 

Vedteke på Senterpartiet i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i mars 2017.