Meny

Senterpartiet vil utvikle kysten

Sigurd Reksnes, fylkesleiar Sp Sfj

Folk på kysten av Sogn og Fjordane bør merke seg det som har skjedd sidan førre Stortingsval.

Sogn og Fjordane politidistrikt er historie, og leiinga vert flytta frå Florø til Bergen. Høgre, Frp, Arbeidarpartiet, og Venstre røysta for dette i Stortinget. Den såkalla nærpolitireforma har også ført til at lensmannskontora i Selje, Solund, Askvoll og Hyllestad  vert lagt ned.  Flyrutene til og frå Florø vart kommersialiserte med eit dyrare og dårlegare flytilbod for folk og næringslivet som resultat. Frp med Flora sin eigen Frank Willy Djuvik gjekk i spissen for dette og fekk med seg regjeringa. Skattekontoret både i Florø og Måløy er vedteke nedlagt.

Er dette ein politikk som gagnar kysten? Svaret er nei. Det vert teikna eit bilete av Sp ikkje har prioritert kysten. Dette er feil.  Senterpartiet har vore ei tydeleg stemme mot denne sentraliseringa. Etter det vi har sett dei siste åra så er det kanskje på tide å prøve noko nytt? Senterpartiet har vist med våre prioriteringar at vi vil kysten vel. Eit døme på dette er realiseringa av Bremangersambanda og Dalsfjordbrua. Sp har støtta dette heilhjarta og begge er ein del av kystvegen.

Fjord- og kystområda i Noreg representerer ein vesentleg del av den nasjonale verdiskapinga. Samstundes har næringslivet langs kysten av Sogn og Fjordane dårlegaste infrastrukturen i landet. Sogn og Fjordane Senterparti vil betre konkurransevilkår for næringslivet og sikre busetting lang kysten ved at folk og næringslivet vert sikra betre infrastruktur. Vi vil kople folk saman i gode bu og arbeidsområde. Vegbygging og utbygging av fiberbreiband er nøkkelen for å skape grunnlag for vekst og trivsel.

Sogn og Fjordane Senterparti krev ei auke i midlar til vegutbygging, rassikring, fiberbreiband og utbetringar av fylkesvegane. Vi går inn for etablering av Kystvegen, samt realisering av Stad skipstunnel. Senterpartiet vil arbeide for å få attende offentleg rutekjøp (FOT-ruter) på Florø lufthamn.

Sp vil styrke lokale bedrifter knytt til fiskeflåten, havbruk og fiskeribasert næringsmiddelindustri,  ved å jobbe aktivt for å utarbeide gode arealplanar. Vi slår ring om deltakarlova som sikrar at fiskeri-ressursane skal vere på fiskarane sine hender.

Sogn og Fjordane Senterparti krev og at det snarast kjem på plass ordningar som sikrar at oppdrettskommunar får sin rettmessige del av inntektene knytt til oppdrettsnæringa, gjennom ei areal- eller volumavgift i høve produsert mengde fisk som i sin heilskap fell til kommunane. Regjeringa sitt forslag om at kommunane skal få inntekter berre i samband med etablering av nye anlegg er ikkje tilfredsstillande.

Senterpartiet etterlyser betre handheving av strandsonepolitikken. Vi ønskjer ei sterkare geografisk differensiering av byggeforbodet i strandsona. Det gjev ikkje meining at folk i på kysten av Sogn og Fjordane skal ha like strenge restriksjonar som folk langs Oslofjorden.

Det er val til hausten, då kan di stemme vere med å avgjere om dagens sentraliseringspolitikk skal halde fram. Senterpartiet sitt alternativ er å føre ein politikk som tek heile kysten i bruk og som skapar moglegheiter for folk og dei maritime næringane langs kysten.