Meny

Senterungdommen i Sogn og Fjordane med 11 delegatar på Landsmøte i Tromsø

Sist helg gjekk Senterungdommens 69. Landsmøte av stabelen i Tromsø.
Sogn og Fjordane stilte mannsterke med 11 delegatar.

Av desse var fire unge lovande oppe på talarstolen for å fremje sin politikk. Leiar Hilde Horpen frå Årdal, Emma Berge Ness frå Gaular, Ruben Skrede frå Jølster og Kine Svori frå Luster.
Mykje av møtehelga gjekk med til å vedta den nye ideologiske plattforma til Senterungdommen. Dette dokumentet har blant anna Ruben Skrede jobba med å utforme det siste året. Dokumentet skapte mykje diskusjon i salen, og den saka som var mest diskutert, var korleis Senterungdommen stiller seg til aktiv dødshjelp.
Ein av sakene delegasjonen frå Sogn og Fjordane var mest opptekne av, var framtida til kortbaneflyplassane i landet. Her var Emma Berge Ness på talarstolen for å snakke om kor viktige desse flyplassane er for oss som bur i Sogn og Fjordane, og fremja resolusjon om tematikken som blei vedteken.


Emma Berge Ness inn i Senterungdommens sentralstyre.

Det var også val av sentralstyre denne helga, der Emma Berge Ness blei samrøystes vald inn som 1. styremedlem.


"Det er litt merkeleg å bli ein del av ein gjeng som eg lenge har sett opp til, men først og fremst veldig stas å bli valgt inn i Sentralstyret! No gler eg meg til å bli ferdig med den småintense eksamensperioden eg har framfor meg, og bruke mykje tid og krefter på Senterungdomen fram mot valet!" seier Emma om si nye rolle i året som kjem.

"Me er veldig nøgd med helga. Fleire av våre delegatar var framme å snakka om deira saker, og me fekk vedteke mykje god politikk. I tillegg er det veldig stas at Sogn og Fjordane igjen er representert i sentralstyret". Seier Leiar for Sogn og Fjordane Senterungdom Hilde Horpen etter møtet.