Meny
Bli medlem

Sigurd Reksnes sitt innlegg til landsmøtet

Sist endret: 27.09.2020 - Sigurd Reksnes #Sogn og Fjordane

Kjære landsmøte og takk til Trygve og Marit for gode innleiingar.

No er det  Senterpartiet som er det store samtaleemnet i norsk politikk. Vi fossar fram på meiningsmålingane, det er utruleg kjekt og vi i Senterpartiet i Sogn og Fjordane  har masse folk som står klar til å gjere ein kjempejobb fram mot valet!

Målsettinga vår i Sogn og Fjordane  er klar: To på tinget, største parti i fylket, framgang i alle kommunar og det viktigaste av alt: Regjeringsskifte til hausten der vi får ei ny regjering som Sp er ein del av.

Eg vil snakke om naturressursane våre. den enorme velstanden som vi opplever i landet vårt no, er nettopp fordi vi er rike på naturressursar.

For Senterpartiet er det eit mål at det skal bu folk i heile landet,

Det er eit mål fordi det er på kysten folk haustar av havet, i Årdal i  Sogn vi produserer aluminium av rein fornybar energi, på Sunnmøre vi forsyner oljeindustrien, og i Stryn og Flåm vi tek i mot enorme mengder med turistar.

Skal vi greie å sikre velstanden i framtida må vi framleis ta heile landet i bruk!

Distriktsnæringane skaffar hard valuta inn i statskassa og gjer at vi har overskot på handelsbalansen mot utlandet.

Løysinga på kva vi skal leve av etter oljen er ikkje å avfolke distrikta, og svaret er heller ikkje å avskaffe konsesjonslovene for så å selje naturresursane til utlandet.

Om kreftene som ønskjer ei slik utvikling vinn fram, ja, så kan vi sitte i kvar vår leilegheit i byen om nokre år og lure på kva i all verden som skjedde då multinasjonale selskap overtok naturressursane våre.

Mange spår at nettopp eigarskapen til naturressursane vil vere det avgjerande i framtida, mens innsatsen av arbeidskraft minkar i takt med teknologiutviklinga

Eg er glad for å tilhøyra eit parti som ikkje spring ikkje storkapitalen sitt ærend. Senterpartiet er den fremste garantisten for fortsatt nasjonalt eigarskap til naturressursane, vi seier eit tydeleg nei til sal av Noreg.

Så litt om nettleige for straum

I Sogn og Fjordane kjem der miljøvenleg vasskraft utover kvar einaste berghammar, og denne krafta vil Noreg gjerne at vi bygger ut til rein energi.  Eg meiner det er urettferdig at det å  få straumen inn i husa på dei same berghamrane skal vere dyrast i landet.  Slik det noverande politiske regime er rundt desse systema er det merkeleg nok dei fastbuande i våre småsamfunn som må ta kostnaden for at ny kraftutbygging vert storsamfunnet til del. 

 Den raudgrøne regjeringa jamna ut deler av nettleiga gjennom ein post på statsbudsjettet som i 2013 var på 120 millionar kroner. Etter fire år med Frp og Høgre i regjering er det i årets budsjett 10 millionar kroner igjen på denne posten, det vil seie at den er nær nulla ut. Olje og energiminister Terje Søviknes har sagt at det er vanskeleg å gjere noko for å jamne ut nettleiga, det er ikkje sant. Det er fullt mogeleg berre det er politisk vilje til det, det er mange grep som vi kan ta, men dessverre er det lite å hente med den regjeringa vi har i dag. 

 Senterpartiet må jobbe for at Stortinget vedtek  ei utjamningsordning for nettleige som gir tilnærma lik pris til alle abonnentar uavhengig av kvar ein bur. Det er ikkje haldbart at dei som bur i område, som produserer rein kraft samfunnet treng, må betale rekninga for å transportere den same krafta til andre område av landet.

Relaterte personer

Sigurd Reksnes, Sogn og Fjordane

Sigurd Reksnes, Sogn og Fjordane

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Telefon: 913 79 271 (m)