Meny

Skuffande frå regjeringa!

Fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane seier det er svært skuffande at Stad Skipstunnel ikkje ligg inne i statsbudsjettet for 2019.  -At det dreg ut med naudsynte avklaringar frå Regjeringa er urovekkande.  Eg forventar at Stortinget tek tak i dette når dei no skal handsame statsbudsjettet seier Reksnes.

E39 Myrmel-lunde er eit anne «gryteklart» vegprosjekt som berre manglar dei naudsynte løyvingane for å bli igangsett. Det er ikkje bra at denne vegstrekninga ikkje vert igangsett i år heller.  -Senterpartiet er glad for at Regjeringa aukar midlar til rassikring, men auken er dessverre langt unna dei forventingane vi hadde på området seier Reksnes.  –Vi har svært mange raspunkt her i fylket som treng midlar!  -Det er heller ikkje funne midlar til Strynefjellstunnellane, eller fiskerihamn i Kalvåg. 

 

-For Sogn og Fjordane er det svært viktig å forbetre ferjeavløysingsordninga slik at kapitalutgiftene vert dekka. Det ligg ikkje inne, og det medfører auka utfordringar for fylkeskommunen når nye ferjestrekningar skal erstattast med bruer.

 

Regjeringa varslar no at dei vil gjennomføre ei reforma av Statens Vegvesen, og at mellom anna talet på trafikkstasjonar skal ned. Eg fryktar at dei gode fagmiljøa vi har i Statens Vegvesen på fleire stadar i fylket,  står i fare for å bli sentraliserte som følgje av reforma, vi kan ikkje akseptere at vi vert tappa for fleire statlege arbeidsplassar no. Trafikkstasjonane representerer eit viktig servicetilbod til innbyggjarane som framleis må vere å finne der vi har dei i dag.

 

Reksnes meiner det er alvorleg at den konkurransevridande sukkeravgifta ikkje vert endra for dei produkta som det vert produsert mykje av i fylket. -Dette slår hardt ut for Lerum As i Sogn. Når avgifter råkar norske verksemder, og svekkar dei i konkurransen med utanlandske bedrifter, så er det uforståeleg at regjeringa ikkje prioriterer å oppretthalde norske arbeidsplassar.

 

-Når et gjeld kommuneøkonomi, ser eg at mange kommunar i fylket kjem dårlegare ut enn landssnittet seier Reksnes.  -Dette er ein trend vi har sett over mange år at distriktskommunar kjem dårlegare ut. Vi må ha eit kommuneopplegg som gjer det mogleg for alle kommunane i fylket å tilby gode skular og ei god eldreomsorg til innbyggjarane sine. Her vert det store skilnader rundt om, og det er innbyggjarane som vil merke dette mest.  –For fylkeskommunen ligg det inne ein stor realnedgang i overføringane – detter er ikkje akseptabelt!

 

Vi hadde og forventa at midlar til Vik Fengsel skulle ligge inne, men konstaterer at det gjer det ikkje.

 

Eg vonar Stortingsfleirtalet får retta opp mykje av dette i si handsaming framover avsluttar Reksnes.

 

-------------------------

 

For meir info – kontakt Sigurd på tlf. 9137 9271.