Gjennom mange år har statsforvaltinga esa ut, statsbyråkritet har blitt spesialisert og fragmentert i mange ulike retningar. Statsbyråkratiet veks utan at folkevald styring aukar.  Dette er eit demokratisk problem.  Som følgje av denne utviklinga er byråkratiet vanskeleg å styre og påverke.  Statsforvaltninga har og utfordringar med å sjå samanhengar på tvers av fagområde.  Dette gjer den norske forvaltningsmodellen tung på toppen, og lite effektiv år det kjem til å forvalte samfunnet som heilheit.  Dette skapar ei forvaltning som er fjernt frå folk sin kvardag og som ikkje løyser dei utfordringane som krev tverrfagleg tilnærming.  Dette må gjerast så nær folk som mogleg.

 

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at auka folkevald styring nærare folk vil gjere det enklare å ta utgangspunkt i kvar enkelt fylke sine fortrinn og utfordringar.  Lokal kunnskap vil føre til meir skreddarsydde løysingar i kvart enkelt fylke.  Flytting av oppgåver frå sentralt byråkrati til nærare folkevald nivå, vil gje ei vitalisering av lokaldemokratiet.

 

Auka ansvar til eit lågare folkevald nivå og eit forvaltningsnivå som er nærare brukarane, vil gje større moglegheiter for samordning av ressursar og verkemiddelbruk, kunnskap om lokale forhold og tverrfaglege løysingar i staden for silotenking.  Det vil vere viktig i arbeidet framover at ein tek vare på dei eksisterande kompetansemiljøa som har god kunnskap om lokale forhold og samarbeider tett med kommunane.  Desse kompetansemiljøa er også ein viktig del av sine bu- og arbeidsområde og desse miljøa må tilførast nye arbeidsplassar og funksjonar i prosessen.

 

Fylkesadministrasjonen i Leikanger og Førde har i dag sterke og konkurransedyktige fagmiljø innanfor alle fagområda som dagens fylkeskommunar har ansvaret for.  Avdelingane i Leikanger og Førde har ei svært viktig rolle å spele når den nye fylkeskommunen på Vestlandet skal etablerast og utvikle seg vidare i framtida.  Desse fagmiljøa trengst for å skape kontinuitet mellom den etablerte fylkesadministrasjonen og administrasjonen i den nye fylkeskommunen.  Vidare står avdelingane i Leikanger og Førde for viktige arbeidsplassar i dei to arbeidsregionane og kan reknast som hjørnesteinsverksemder på kvar sin kant.  Den nye fylkeskommunen på Vestlandet må derfor halde fram med å utvikle fagmiljøa i Leikanger og Førde gjennom å tilføre arbeidsplassar, oppgåver og sentrale leiarstillingar.

 

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti krev at Stortinget no må bruke dette høvet til å flytte fleire oppgåver over til folkevald styring og kutte i statleg byråkrati.  Stortinget må legge eit nærleiksprinsipp til grunn i si handsaminga av oppgåvefordelinga.  Slik kan vi få eit folkevald nivå og ei lokal forvaltning som tek opp i seg dei utfordringane som finnast lokalt og regionalt og utviklar tenester og løyser behov nært folk.

 Årsmøtet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at Stortinget må legge følgjande prinsipp til grunn for flytting av oppgåver: 

Oppgåver som krev politisk prioritering og bruk av skjønn må flyttast til folkevald styring.
Oppgåver som krev samordning og tverrfagleg arbeid må flyttast ned til regionalt nivå.

 Årsmøtet i Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev at følgjande oppgåver må flyttast ut frå statleg byråkrati og til folkevald nivå i dei nye fylkeskommunane: 
Ansvar for Bufetat og familievern.
Styrking av fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar og samordningsmynde.
Auka ansvar for forsking.
Auka ansvar for kultur.
Auka ansvar for planlegging.
Auka ansvar for forvaltning av rovdyrpolitikken.
Auka ansvar for integreringspolitikken.
Ansvar for Statped.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4. mars 2018, Balestrand