SOLID SATSING PÅ BREIBAND
Senterpartiet fekk på fylkestinget i Sogn og Fjordane gjennomslag for ei solid satsing på breiband i fylket. Totalt vert det sett av 10 millionar ekstra i tillegg til dei nær 5 millionar som låg i framlegget. Dette er med å sikrar ei vidare utbygging av breiband i store delar av fylket vårt seier gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes.
-Breiband er i dag heilt avgjerande for busetnad og næringsutvikling. At Sogn og Fjordane fylkeskommune no går inn med 10 millionar ekstra er eit viktig tiltak for å sikre ei god utvikling i fylket vårt seier Reksnes. -Utbygging av breiband er i dag like viktig som utbygging av elektrisk kraft var i si tid. Både folk flest og næringslivet har behov for digitale tenester og då må den digitale infrastrukturen vere på plass.
-At eit samrøystes fylkesting slutta seg til framlegget frå Sp, Ap, Krf, V, SV og MDG er positivt og viktig for fylket vårt, avslutta Reksnes.