SP krev oppstartsløyving til Stad Skipstunnel no
Stad skipstunnel er eit prosjekt som raskt kan settast i gang og her må Stortinget få på plass oppstartsløyving i revidert nasjonalbudsjett. Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes.
Koronapandemien råkar næringslivet hardt, og det er trong for at staten set i gang med investeringar som kan halde hjula i samfunnet i gang. Stad Skipstunnel er eit prosjekt som raskt kan startast opp. Dersom Stortinget løyver pengar no i vår, kan det framskunde oppstarten med eit halvt år sidan ein slepp å vente til statsbudsjettet skal handsamast i haust. Prosjektet vil skape store ringverknader i anleggsperioden, og bidra til å halde folk i arbeid i ei krevjande tid framover.
Det er ingen grunn til å vente med å sette i gang, dette må vere det prosjektet som er best utgreia og kvalitetssikra i landet. Her vil samfunnet få mykje att for pengane både under bygginga, og når Stad skipstunnel står ferdig. No har alle partia som har lova bygging av Stad Skipstunnel sjansen til å innfri lovnadane sine, og sette i gang med den mest framtidsretta investeringa for kystnasjonen Noreg nokosinne.