Meny

Sp vil ha lægre nettleige

Aleksander Heen er usamd med Frp`s Frank Willy Djuvik som meiner nettleiga vert utjamna nok.
Djuvik hevda på fylkestinget i dag at nettleiga i Sogn og Fjordane vert utjamna nok i dagens system, og at små selskap er forklaringa på høg nettleige

Aleksander Heen er usamd med Frp`s Frank Willy Djuvik som meiner nettleiga vert utjamna nok.
Djuvik hevda på fylkestinget i dag at nettleiga i Sogn og Fjordane vert utjamna nok i dagens system, og at små selskap er forklaringa på høg nettleige.

-Dette er eg heilt usamd i, og det er heller ikkje riktig at storleiken på selskapa er årsaka til høg nettleige.

Den høge nettleiga i Sogn og Fjordane heng saman med at kundane i Sogn og Fjordane må betale for å få straumen som blir produsert her inn på overføringsnettet. Det er ikkje rettferdig at me skal ta kostnaden med å finansiere fornybar energi til resten av landet, seier Heen.

-Det er på høg tid at det kjem på plass ei utjamningsordning. Legg ein på to øre i Oslo, kan ein kutta 20-25 øre i vårt fylke. Dette handlar om politisk vilje, og eg tykkjer det er leit at Djuvik og Frp meiner me som produserer straumen skal betale for dei som brukar den, avsluttar Heen.

For spørsmål, kontakt Aleksander Øren Heen på tlf: 911 34 842