Senterpartigruppa på Fylkestinget tok opp saka om midlar til Stad Skistunnell på møte i Fylkesutvalet 18. oktober. Uttalen vart samrøystes vedteken.
Stad Skipstunnel treng startløyving no.
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane registrera at Stad skipstunnel ikkje ligg inne i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2019.
Stad skipstunnel er eit prosjekt som er godt gjennomarbeida og godt utgreidd. Forprosjektet til Kystverket (2017) tilrår bygging av Stad skipstunnel, og grunngjev dette med at de ikkje-målbare gevinstane ved skipstunnel overstig dei kronesette kostnadene.
Eit samla næringsliv på kysten, Norges Fiskarlag, Kystrederiene, Hurtigbåtforbundet, Marine Harvest, Sunnmøre regionråd, Sogn og Fjordane Næringsråd, Vestlandsrådet og Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har prioritert Stad skipstunnel i sitt innspel til Nasjonal transportplan (2018 – 2029).
Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at Stortinget legg inn 30 million kroner i statsbudsjettet for 2019 slik at arbeidet går vidare i tråd med nasjonal transportplan for kystverket.
Uttalen vert sendt til:
Partia på Stortinget
Regjeringa v/statsminister Erna Solberg
Samferdsledepartementet v/statsråd Jon Georg Dale