Meny

Statlege arbeidsplassar i distrikta

Morten Askvik

«Alle dei 14 000 nye statlege arbeidsplassane har kommet i sentrale strøk»

Ein skulle tru at dette er eit utsegn som kom direkte frå næraste stortingskandidat frå Senterpartiet. Faktum er at dette vart skrevet den 24. august i år i Kommunal Rapport. Tala kjem frå Statistisk Sentralbyrå, og er basert på inndeling av kommunar i sentraliserte- og distriktskommunar. Inndelinga er gjort av kommunaldepartementet. Statistikken viser at all auke i statlege arbeidsplassar kom i dei 103 mest sentraliserte kommunane i landet dei fire siste åra. . Alle dei andre kommunane hadde nedgang i samla tal på statlege arbeidsplassar.

Distriktskommunane i Noreg har totalt mista 700 statlege arbeidsplassar dei fire siste åra. Til samanlikning vart det auke i tal statlege arbeidsplassar i distriktskommunar med nesten 1700 dei fire siste åra av den raudgrøne regjeringa (2009-2013). Dette fortel at under den raudgrøne regjeringa vart det fleire statlege arbeidsplassar i distriktskommunar, medan under dei blåblå vart det færre slike arbeidsplassar. Den 11. september kan kvar og ein vise kva retning dei vil at landet skal gå i. Vil du bruke røystesetelen på eit parti frå ein regjering som har vist seg å ville sentralisere arbeidsplassar i Noreg, eller eit parti frå eit regjeringsalternativ som vil skape fleire statlege arbeidsplassar ute i distriktskommunane?

 Godt (skjebne)val!

 Morten Askvik
2. nestleiar 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane