Meny

STATSRÅD I BAKVENDTLAND

Under tittelen «Gode tenester der folk bur» spreier kommunalminister Sanner for tida eit bodskap om at regjeringa har bidrege til god kommuneøkonomi og auka lokalt sjølvstyre.

Medan SP ser bakover er det dei blå-blå som med heva blikk har svar på morgondagens utfordringar, påstår han. Samanslåing er løysinga. I Sanner si verd lyt det vera stort for å vera bra.

 Joda, statsråden har spytta i kassa til ein del kommunar; dei som har gjort som han vil. Det kunne ha vore fristande å nytta eit saftigare uttrykk enn «gulrøter» om ekstra vegmillionar og uforpliktande julegåver til dei som har vedteke samanslåing. Slike smøreutlegg vert likevel berre blåbær mot den øvrige pengebruken i statsråden sitt prestisjeprosjekt. Konsulentar til talause utgreiingar, bruk av offentleg tilsette i alle forvaltningsnivå, prosjektrettleiarar og andre samanslåingsmisjonærar har kosta flesk. Så kjem reform- og eingongsstønad til dei som fusjonerer, dvs. øyremerka midlar til omstillingskostnader. Svimlande summar til tross; røynsla syner at det neppe er nok til å dekka dei reelle kostnadane. Parallelt med skrytet over påståtte resultat, burde ikkje Sanner samstundes leggja fram eit totalrekneskap for reforma? Om det er han tyst, men det er ingen tvil om at det handlar om fleire milliardar.

 Tenk om desse pengane heller kunne ha vore fordelt på eksisterande kommunar! Utan den blå-blå reformpsykosen, hadde dei og unngått den største tidstjuven i norsk offentlig forvaltning og ei enorm sløsing av kroner og arbeidsinnsats. Det ville verkelig ha gjeve styrka økonomisk ryggrad, og folkevalde og administrasjon kunne ha konsentrert seg om daglig drift og samfunnsbygging.

 Høgre og Sanner sine uttalar om økonomi fell på eigen urimelegheit. Grunngjevinga for mange samanslåingar er jo smalhans og otte for endå dårlegare råmer i framtida. Viktigast her er fjorårets endring av inntektssystemet, ei panikkhandling i strid med tidlegare lovnader om at ingen skulle tapa på å stå åleine. Statsråden sitt økonomiske strupetak er ein direkte årsak til at nokon kastar inn handklede, og det gjeld ikkje berre små kommunar. Ta til dømes Nedre Eiker med 25.000 innbyggjarar! Folket røysta nei. Kommunestyret følgde opp, for så å snu før jul i fjor. Mørke økonomiske skyer var argumentet som dreiv dei til Drammen.

 Å ta æra for auka lokalt sjølvstyre er drygt når det kjem frå ein mann med mål om å desimera talet på lokaldemokratiske einingar, og dermed og folkevalde på grunnplanet. Når mange færre skal bestemma meir over mange fleire som bur mykje lenger vekke, er det tvert om ei enorm sentralisering av makt. Ein ubønnhørleg konsekvens av det er sentralisering også av aktivitet og folk. Var det ikkje den same «folkestyreforkjempar» som ga grønt lys for å setja til side nei-resultat i folkerøystingane og som mana kommunestyrer til nye rundar der dei ikkje hadde fylgt statsråden si line? Klimaks vart nådd 8/6-17 då eit knapt Stortingsfleirtal vart med på hans ultimate verkemiddel for «auka lokalt sjølvstyre»; rein, skjær tvang overfor dei same lokalsamfunna. Ingen bør vera i tvil om at dette «demokratiske lokomotiv» vil kjøyra på i same spor, men med mykje meir damp om han og Høgre får halda fram etter haustens val.

 For n’te gang trekk statsråden fram barnevern som grunngjeving for samanslåingar utan at han har noko som helst belegg for å hevda at kvaliteten aukar proporsjonalt med kommunestorleiken. Lokale antenner er viktig, og kompetansespørsmålet kan løysast interkommunalt. Barnevernet er vel og eit døme på oppgåver kor fylka kunne få eit meir overordna ansvar, til hjelp for både store og små når det skortar på kapasitet. For Sanner gjelder det heller å gå motsett veg. Ved den planlagde flyttinga av tannhelsetenesten nedover, ein vri knapt nokon ynskja, låg han an til å slå to flogar i éin smekk. Om det vart oppfatta som ei byrde, kunne jo det vera eit kjærkomment tilskot til problematiseringa han nyttar for å promotera samenslåingar. Lukkelegvis vart idéen reversert allereie før eit eventuell maktskifte etter valet. Slik fekk Sanner heller ikkje ytterlegare vingekløppa fylke han jo eigentlig vil verta kvitt. Førebels har han nøya seg med den meiningslause regionreforma som skapar geografiske misfostre få vil ha.

 Eit anna glansnummer statsråden stadig gjentek, er at det vert så mange pensjonistar i høve til yrkesaktive.» Som for det meste anna er samanslåing løysinga. Her gjeld det om ikkje å få makabre tankar om kva grensefjerningar kan føra til for dei eldre, for kva er ellers løysinga? For kommunar som allereie slit med forgubbing, kan den resepten umogleg  gjera vondt anna enn verre. Med dei offentlege arbeidsplassane forsvinn jo nettopp folk i arbeidsfør alder. Skal dei gamle då følgja med på ferda til storkommunen sitt sentrum og kjempeinstitusjonar der?

 Nedgangen i oljeinntektene nyttar han og for alt han trur det er verdt. Er det ikkje då heller ekstra viktig å sørgja for å halda på og vidareutvikla aktivitet i alle deler av landet, også i dei meir grisgrendte stroka kor mykje av ressursane ligg? Det er noko avslørande at ein mann i hans posisjon tydeligvis ikkje skjønar kor viktige aktørar kommunane er som tilretteleggjarar for næringsverksemd.

 Dei som i 1837 sytte for at me fekk formannskapslovene lyt vel seiast å ha vore framsynte. Då fekk me det lokale sjølvstyre Høgre og Sanner skriv så fagert om. SP ser vidare framover med lova sin intensjon som rettesnor,  lokalt sjølvstyre. Statsråden vil samla styre og stell meir og meir slik me no ser med NAV- og skattekontor, sjukehus, politi osb.. Skal han oppnå målet sitt om gode tenester der folk bur, lyt altså folket flytta etter. I den grad SP ser bakover, er det for å læra av historia. Høgre-statsråden let att auga for slikt, og med sin metode mot sentralisering plasserer han seg sjølv i bakvendtland.

Aleksander Øren Heen
Per Gunnar Stensvaag