Med heile 20 delegatar og 9 observatørar, vert Sogn og Fjordane godt representert på Senterpartiets Landsmøte i Hamar komande helg.
Sogn og Fjordane Senterparti har spelt inn fleire uttalar med tema som klima, havbruk og reisetid for elevane i grunnskulen.
Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete vil bruke tida i generaldebatten til å ta opp korleis endra klima er eit
trugsmål mot sikkerheit og beredskap lokalt og globalt, og korleis vi kan sikre matsikkerheit som ein viktig del av beredskapen.
Fylkesleiar Sigurd Reksnes vil nytte høvet til å ta opp lik nettleige i heile landet. «Situasjonen i dag er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane må ta rekninga for at det vert bygd ut nytt kraftnett, sjølv om krafta vert eksportert ut av fylket. Det må vi få slutt på», seier Reksnes.
Senterpartiet har opplevd ein formidabel medlemsvekst over heile landet den siste tida, og i Sogn og Fjordane har vi hatt gleda av å ynskje 143 nye medlemmer velkomne til oss så langt i 2019. «Delegasjonen ser fram til eit spennande landsmøte med grøn politikk i fokus!» seier fylkesleiar Sigurd Reksnes.