TO MILLIONAR TIL FJORDSENTERET MARHEIM I FJÆRLAND
Fykestinget støttar realisering av Fjordsenteret Marheim i Fjærlad med 2 millionar kroner.
-Fjærlendingane har på gang ei ny spennande satsing med Marheim og det er positivt at fylkeskommunen no går inn med 2 millionar for å støtte denne realiseringa seier gruppeleiar for Senterpartiet Sigurd Reksnes. -Vi fekk ein flott presentasjon av initiativtakarane på gruppemøtet vårt og det er viktig for satstinga at vi no er inne med eit bidrag i prosjekterings- og oppstartfasa. Eg har god tru på dette prosjektet, ikkje minst er det viktig når no Hurtigruta planlegg fast rute til Fjærland. Sogndal kommune har tidlegare gått inn med 1 mill. i prosjektet.
-Å satse på reiseliv på Vestlandet har vist seg å vere ein suksess i over 100 år og eg er sikker på at vi vil sjå ein aukande vekst i turismen også i åra framover, seier Reksnes.
Fylkestinget ber i sitt vedtak også om at Vestland fylke i framtida vil bidra med investeringsmidlar når prosjektet er klart for realisering. -Dette er ei framtidsretta satsing og eg både håpar og trur at denne vert realisert i nær framtid, avsluttar Reksnes.