Meny
Erling Sande - Stortingskandidat for Senterpartiet

Transportplanjubelen som stilna

I vekene før nasjonal transportplan vart lagt fram førte politikarar frå Høgre, Venstre og KrF ein offensiv pressekampanje for å skape eit inntrykk av at Sogn og Fjordane var ein vinnar i den nye planen. I fleire jublande avisreportasjar kom dei med lekkasjar frå planen om at nye og viktige prosjekt var på plass. Eg var mellom mange som tenkte at no må det vere Sogn og Fjordane sin tur. Det er ikkje rart folk i Sogn og Fjordane vart skuffa når vi kunne sjå heilskapen i nasjonal transportplan for 2022-2033 no før påske.

For det fyrste ligg dei to prosjekta regjeringa feira med flagg og fanfare, nemleg rassikring mellom Førde og Florø og ny E39 rundt Førde, heilt mot slutten av den fyrste transportplanperioden (5-6 år fram i tid). Dei er altså mest sannsynlegvis ikkje igangsette før vi får ein ny transportplan om fire år. Betre blir det ikkje om vi les grundigare i planen. Det viser seg at fleire prosjekt som låg inne i den transportplanen som gjeld no, rassikring i Våtedalen og Skjærsura – samt utbetring av flaskehalsar på E39 gjennom Nordfjord var tatt ut av planen. Det same var E39 investeringa ved Vadheim. Dei prosjekta som regjeringspartia inviterte media med på feiring på for eit par veker sidan, var altså finansiert ved å skrinlegge prosjekt dei inviterte media med på kakefeiring på for 4 år sidan. Sogn og Fjordane sit altså att med investeringar for nye riksprosjekt med om lag 5 milliardar kroner i 12 års perioden. Samtidig har regjeringa annonsert prosjekt for ikkje mindre enn 70(!) mrd kroner i Hordaland. Ville ei slik skeivfordeling vore mogeleg dersom Sogn og Fjordane framleis var eige fylke?

Senterpartiet vil ha ein politikk for heile landet. Den stadig sterkare sentraliseringa av samferdslemidlane inn mot dei store byane må endrast til å bli ein samferdslepolitikk som ser heile landet. For Sogn og Fjordane sin del står samferdsleutfordringane i kø. Vi får ikkje del i dei store løyvingane regjeringa gjev til jernbane i og rundt dei store byane. Då må i det minste vi få ein større del av vegløyvingane enn det regjeringa legg opp til.

Strynefjellstunnelen som forsvann

Nordfjord står om lag heilt utan nye investeringar på riksvegar dei neste 12 åra. Då verkar det desperat når Høgrekandidatane Olve Grotle og Sven Flo i eit lesarbrev forsikrar folk i Nordfjord at dei skal arbeide for å erstatte dei elendige Strynefjellstunnelane. Høgre, Venstre og KrF har altså hatt ufattelege 1200 milliardar samferdslekroner til disposisjon. Dei har ikkje løyvt ei einaste ei til ny tunnel for Strynefjellet. Då er det kanskje greitt å la nokon andre parti få prøve seg?

Senterpartiet ønskjer ei meir rettferdig fordeling av vegmidlane. Vi vil ha ein politikk for heile landet.

 

Erling Sande

Stortingskandidat for Senterpartiet