Meny
Emma Berge Ness, 3. kandidat og ungdomskandidat for Sp ved Stortingsvalet 2021

UiB - avdeling Viksdalen

Det var mykje som ikkje gjekk heilt som planlagt i 2020. I ei tid kor mykje er uvisst og dei mange restriksjonane reduserer det meste som er moro til eit minimum, er det viktig å minne seg sjølv på det som trass alt fungerer greitt. Sjølv kjem eg ikkje utanom at 2020 var året kor heimbygda mi fekk eit universitetstilbod som var heilt på høgde med resten av landet.

For dei fleste av oss betyr korona-situasjonen mykje tid heime og mykje tid bak skjerm. For dei av oss som er heldige nok til å ha brukbart internett, er mitt inntrykk at det er mykje som fungerer bra. Som student ved Universitet i Bergen, har eg det siste året hatt omlag det same tilbodet uavhengig av om eg sit heime i Viksdalen eller i leilegheita i Bergen.

Og før nokon tek til motmæle og poengterer det openbare, så er det sjølvsagt ikkje det same å vere student under ein pandemi som i ein normalsituasjon. Det er heller ikkje poenget. Poenget er dei store moglegheitene som internett og digitalisering gjev. Når eg kan vere universitetsstudent frå ei lita bygd i Sunnfjord med nokre hundre innbyggarar, så seier det nemleg noko om dei moglegheitene.

Framleis er det nesten 300 000 husstandar i Noreg som ikkje har tilgang til høghastigheitsbreiband. I ei tid der alt frå kommunestyremøter til daglege gjeremål som å betale rekningar skjer på nett, er dette heilt uakseptabelt. Det digitale klasseskiljet må vekk, og Høgre-regjeringa gjer for lite for seint.

Senterpartiet er opptekne av den digitale allemannsretten. Uansett kor ein bur skal ein ha tilgang til breiband, på lik linje med straum og anna kritisk infrastruktur. Vi går til val på å sikre heile landet tilgang til raskt breiband, og satsar på ei kraftig utbygging av mobildekning i heile landet. Å få på plass dette vil vere ein viktig milepæl for dei av oss som har tru på framtidas distrikts-Noreg.

Internett har utvilsamt kome for å bli, og heile landet fortener å ta del i dei moglegheitene det gjev. Også i ein normalsituasjon kan både utdanningsinstitusjonar og arbeidsstadar prioritere og legge til rette for at nokre oppgåver kan løyast uavhengig av kor ein sit. Då kan bygder som Viksdalen plutseleg måtte planlegge for både lesesalar og kontorfellesskap.   

 

Emma Berge Ness

3. kandidat og ungdomskandidat for Sp ved Stortingsvalet 2021.