Meny

Ungdom skal ha gratis psykisk helsehjelp

Fram til 1. januar 2018 var alle under 30 år som søkte psykisk helsehjelp fritekne for egenandel.  Dei nye reglane innebær at alle over 18 år må betale egenandel for psykiatriske tjenester.  Dette kan gjere det langt vanskeligere for unge å søkje hjelp for rusproblem og psykiske lidelsar.  Menneske som alt er i ein vanskeleg livssituasjon treng ikkje ei ekstra økonomisk belastning som hevar terskelen for å søke hjelp.

Regjeringa har gjentatte gongar uttalt at dei vil styrke rus- og psykiatriomsorga.  Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at å innføre denne eigenandelen er ei svekking av tilbodet, og vil oppretthalde eit lågterskeltilbod for å ivareta førebygging og tidleg hjelp. 

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4.mars 2018, Balestrand.