Gå til hovedinnhold

Ungdomskort i heile Vestland - også for studentar!

" Eg ønskjer at det skal vere enkelt, billig og klimavennleg å flytte på seg i Vestland fylke - også for ungdom og studentar! "- Hilde Horpen

Senterpartiet har programfesta at me vil utvide ordninga med ungdomskort til å gjelde heile Vestland fylke. Ordninga, som inneber at ungdom kan nytte seg av kollektivtransport for ein fast sum per månad, har vist seg å vere ei god løysing i både dagens Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er viktig at me no får på plass ei god, felles ordning for heile det nye fylket.

I dag gjeld ordninga for all ungdom mellom 15-19 år. Det skal den framleis gjere. Senterpartiet tek også til ordet for å heve den øvre aldersgrensa, og utvide tilbodet. Me ønskjer at ungdomskortet, i kombinasjon med studentbevis, skal kunne nyttast til fylte 25 år. Dette vil treffe ei ny og viktig målgruppe. Det er mange studentar frå Sogn og Fjordane i Hordaland, og motsatt.

Ungdomskortet vil gjere det lettare og billegare for ungdomar å reise og oppleve heile storfylket. Gjennom å tilby studentar det same tilbodet, vil me i tillegg gjere det enklare og rimelegare å reise mellom studiestad og heim. Slik bind me Vestland saman. God kollektiv-politikk er dessutan god klima-politikk!

Som ungdomskandidat er eg oppteken av å utvikle Vestland fylke til eit godt fylke for alle. Eg ønskjer at det skal vere enkelt, billig og klimavennleg å flytte på seg i Vestland fylke - også for ungdom og studentar! 


Hilde Horpen, ungdomskandidat ​Vestland Senterparti