Meny

Uttaler frå Fylkesårsmøte 2019

Sogn og Fjordane Senterparti sitt fylkesårsmøte 2019 fann stad i Bergen, der vi hadde første del av møtet vårt saman med Hordaland SP. 

Dag to gjekk med til å vedta uttalar, her kan du lese kva for politikk vi vedtok. 

Klimaendringane:

FN sitt klimapanel har varsla grundig om klimaendringane vi står i no. Senterpartiet skal vere eit forvaltarparti og ein pådrivar for at Noreg tek ansvar for utsleppskutt, utviklar og tek i bruk nye løysingar.  Klimaproblema er ikkje lenger ei problemstilling me kan skyve framfor oss.  Senterpartiet ynskjer å ta i bruk meir fornybar energi for å erstatte fossil energi i bygg, transport og industri.  Me skal sikre at energien vert brukt effektivt og unngå sløsing.  

Vestland har naturressursar, kompetanse og dyktige menneske som kan nytte dei rike ressursane og snu klimautfordringane til nye næringsmoglegheiter. Karbon frå jord, skog og hav trengs til  bygningsmateriale, petrokjemi, utvikling av nye fôrressursar og som eit alternativ til olje i  bygg og  tungtransport. 

Politikken vår skal sikre at det skjer utvikling og at verdikjeder og teknologiutvikling kjem Noreg til gode.  Noreg har føresetnader til å  bli ein global leverandør av klimasmarte varer og tenester, samt vere eit føregangsland for klimatilpassing.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

-        å støtte opp om Vestlandsforsking sitt nye nasjonale senter for klimatilpassing.

-        å styrke forskingsmiljø innan bruk av grøn karbon, særleg innanfor hav og skog.

-        å stille krav om lågare utslepp ved anbod innan kjøp av offentlege varer og tenester.

-        utbygging av meir fornybar energi, både vasskraft, vind- og solenergi.

-        å sikre at alle ferjer i regionen vert elektrifisert.

-        å samarbeide med primærnæringane for å gjennomføre klimavennlege løysingar knytt til fiskeri og havbruk, jord og skogbruk.

-        å redusere matsvinn.

Havbruksfondet - lat verdiane vere att der dei vert skapt:

Stortinget vedtok  i 2015 at det skulle opprettast eit havbruksfond.  Ei ordning som  sikrar at kystkommunane som legg til rette for havbruk, får vesentlege inntekter når lakseselskapa betaler for å få auka produksjonen.

Det vert i dag drive oppdrett av laks og aure i totalt 160 kystkommunar, der havbruksnæringa bidreg med aktivitet, sysselsetting og inntekter.  Totalt NOK 2,7 milliardar er betalt ut til kommunar og  fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet i 2018.

Regjeringa har eit ynskje om at  pengane frå havbruksnæringen skal fordelast flatt over heile landet. 

Ein grunnrenteskatt er under utredning for oppdrettsnæringa.  Modellen er henta frå særskatten for  kraftverk, der skatten i heilskap går til staten. 

Stortinget sin intensjon var at Havbruksfondet skal sikre ei rimeleg fordeling på alle kommunar med oppdrettsverksemd.  Det går vidare fram at fondet skal stimulere kommunane til å gje næringa tilgang til eigna lokalitetar.  Korleis kan kommunar utan kyst fylje opp denne intensjonen?

Det er store ulikheiter i kor mykje oppdrettsverksemd det er i dei ulike kommunane, og ein lik fordelingsnøkkel vil difor kunne gje urimelege utslag. Kommunar som har mykje næring knytt til oppdrett bør få ein større del av inntektene.  Lik fordeling gir heller ingen incentiv til å leggje til rette for nye eller meir eigna  lokalitetar.

Nordland har til no fått nær 20 prosent av utbetalingane frå Havbruksfondet, då dette representerer Nordland sin del av havbruksnæringa i Norge.  Nordland har berre 4,75 prosent av innbyggjarane i landet, så dersom pengane skal fordelast flatt ut, vil Nordland berre sitje att med  130 millionar.  Dei  taper med andre ord 400 millionar på ein slik fordelingsmåte, medan Oslo som ikkje driv med havbruk, vil gå frå null kroner i dag til nesten 350 millionar.

Det må først og fremst sikrast at midlane frå Havbruksfondet går til å byggje lokalsamfunna på kysten.  Ein kan spørje seg kor mykje ressursar kommunar utan kyst har brukt på forvaltning og tilrettelegging for oppdrettsnæringa?  Dette kan verte tolka som  eit ran av kysten og heilt øydeleggande for næringslivet i distrikta.  Dersom disse kommunane og innbyggjarane ikkje får ein rimeleg og  føreseieleg del av dei verdiane som skapast på grunnlag av beslag og bruk av kommunale sjøareal, kan ein heller ikkje forvente at det vert lagt til rette for nye areal og ny vekst.

Senterpartiet krev at Havbruksfondet skal komme kystsamfunna til gode.  Det skal vere dei kommunane som har tilrettelagt og bandlagt ein del av sine fjordar som skal ha inntektene frå havbruk.

Nei til barndom på buss.

25 000 elevar er dei siste ti åra ramma av skulenedlegging.  Kommunane endrar ofte skulestruktur for å spare pengar, utan i tilstrekkeleg grad å vektlegge barnet sitt beste.

Buss med lang skuleveg som går innom mange bygder til og frå skulen, kan resultere i lang reisetid. Det må vere eit mål at barn og unge ikkje får reisetid mellom skule og heim som går ut over familieliv, lekser og fritidsaktivitetar.

Senterpartiet krev gjennomgang av regelverket for reisetid til skule.  Vi vil m.a. at fylkeskommunen sitt ansvar vert konkretisert i forhold til  skyssordning med tanke på borna som har lengst reiseveg.

Ungdomskort i Vestland fylke

I dag tilbyr Sogn og Fjordane fylkeskommune alle ungdomar mellom 16 og 19 år ungdomskort.  Ungdomskortet gjer det mogleg å nytte all kollektivtransport i fylket for kr 365,- i månaden.  I Hordaland har ein ungdomskort frå 16 til fylte 20 år.  Dette gjer det økonomisk overkomeleg for ungdom å reise rundt i fylket, noko som m.a. er viktig for våre mange hybelbuarar.

Sogn og Fjordane og Hordaland skal slå seg saman til Vestland.  Det vil vere ei viktig politisk oppgåve å knyte det nye fylket saman.  Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at å vidareføre ungdomskortordninga er eit viktig tiltak.  Eit ungdomskort som dekker heile den nye regionen vil gjere det økonomisk enklare for ungdom å flytte seg kring om i Vestland fylke.

I tillegg til å vidareføre ordninga i det nye fylket meiner vi at ordninga også skal gjelde for studentar.  Dette er høgst relevant, då mange unge har kryssa dagens fylkesgrense for å ta høgare utdanning.  Vi ønskjer å gjere det enklare for denne gruppa både å reise heim og å utforske heile regionen.

Senterpartiet vil:

·        At all ungdom mellom 13 og 19 år skal ha tilbod om ungdomskort.  I kombinasjon med student- / lærlingbevis skal kortet kunne nyttast til fylte 25 år.

·        Utvide dagens ordning i Hordaland, med studentbevis opptil 32 år, til å gjelde i heile det nye fylket.