Meny

Valnemnda innstiller på attval av Sigurd Reksnes

Valnemnda i Senterpartiet i Sogn og Fjordane innstiller samrøystes på attval av Sigurd Reksnes (Eid) som fylkesleiar i Senterpartiet for to nye år.  Reksnes vart første gang vald som fylkesleiar på fylkesårsmøte for to år sidan. 

-Valnemnda set pris på at Sigurd Reksnes ynskjer ein ny periode, og det er ei samrøystes nemnd som innstiller på attval av Reksnes som fylkesleiar, seier leiar i valnemnda, Ingrid Søyland.  -Det var brei semje i valnemnda om innstillinga vår, og eg meiner vi har fått til eit godt styre som vil gjere ein god jobb for Senterpartiet i Sogn og Fjordane framover, avsluttar Søyland.

Nestleiarane Karoline Bjerkeset (Gloppen) og Morten Askvik (Hyllestad) står ikkje på val.

 

Valnemnda si innstilling:

 

Fylkesleiar Sigurd Reksnes (Eid)- attval
1. nestleiar Karoline Bjerkeset (Gloppen)- ikkje på val
2. nestleiar Morten Askvik (Hyllestad)- ikkje på val
Studieleiar Marit Aakre Tennø (Luster)- attval
Styremedlem Jan Herstad (Naustdal)- ikkje på val
Styremedlem Gunn Åmdal Mongstad (Solund)- opprykk frå 1. vara
Styremedlem Johan J. Berge (Stryn)- attval
 
 
 
1. vara Rune Hegrenes (Førde)- ny
2. vara Ingeborg Sivertstøl (Leikanger)- ny
3. vara Terje Erikstad (Jølster)- attval
4. vara Sander Solheim (Flora)- ny
 
 
 
 I tillegg møter fylkesleiar i Senterkvinnene Jofrid Rye Hestenes (Stryn), fylkesleiar i Senterungdomen Hilde Horpen (Årdal), nestleiar i fylkestingsgruppa Aleksander Øren Heen (Årdal) og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Lærdal) fast i Senterpartiets fylkesstyre.

 

Sigurd Reksnes seier han er glad for å bli samrøystes innstilt til attval som fylkesleiar.  -Eg er svært motivert for å stå på vidare for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.  Vi har ein sterk posisjon i fylket, det viser valresultata.  Stortingsvalet i haust vart eit historisk godt val, og i tillegg er vi det største partiet på fylkestinget og har fylkesordføraren seier Reksnes.  -Senterpartiet er ein grasrotorganisasjon, vår store styrke er den innsatsen våre medlemar, tillitsvalde og folkevalde gjer kvar einaste dag.  -Eg har svært lyst å vere med å byggje laget framover mot kommune og fylkestingsvalet i 2019.  Senterpartiet sin politikk trengs meir enn nokon gong avsluttar Sigurd Reksnes.  

 

Senterpartiets fylkesårsmøte 2018 skal vere på Kviknes Hotel i Balestrand 2. til 4. mars 2018.