Gå til hovedinnhold

Verda treng meir mat

 

Vestland fylke vert eit stort matfylke, og min bodskap er at verda treng vestlandsbonden meir enn nokon gong før, vi treng vestlandsfiskaren, og vi treng vestlandslaksen.

Verda si befolkning veks, samstundes er store landbruksareal er venta å gå ut av produksjon som følgje av klimaendringane.

 

Skal vi greie å skaffe nok mat til ei veksande befolkning, så må vi ta i bruk alt areal som er tilgjengeleg til matproduksjon.

Dessverre så har klimadebatten i det siste hamna i eit blindspor, der kjøt har blitt peika ut som klimaversting. Dette vert berre så feil, og er å starte i feil ende for å stanse den globale oppvarminga.

Vi veit at flytrafikken aukar og aukar, medan talet på kyr faktisk har gått ned. Kvar er logikken når det er kua som skal ta støyten, mens det å droppe helgeturen til New York knapt vert diskutert?

Kjøtproduksjon på Vestlandet skjer ved at kua og sauene et gras. Vi menneske kan ikkje fordøye graset. Einaste måten å produsere mat av gras, er at dyra et graset, og at vi et dyra etterpå.

Mesteparten av landbruksarealet på Vestlandet er lite eigna til noko anna enn grasproduksjon. Noreg er, når alt kjem til alt, eit grasland. Då vert det ei gigantisk ressursøyding å slutte  å produsere mat på våre areal, medan folk i andre delar av verda svelt.

Eg for min del kjem til å halde fram med å ete kjøt, og eg kjem til å gjere det med godt samvit. Kva er vel betre enn norsk kjøt som er produsert nesten utan antibiotika, på friskt fjellbeite, og med god velferd for dyra?

No skal fylkeskommunen ta over ansvaret for ein del verkemiddel. Eg meiner at vi må målrette innsatsen mot å stanse attgroinga, og stimulere til meir kjøtproduksjon på Vestlandet.

Så treng vi faktisk dei tusenvis av arbeidsplassane i næringsmiddelindustrien, som er den største industrigreina vi har i Sogn og Fjordane.

Eg vil hevde at norsk matproduksjon allereie er svært klimavennleg, men matproduksjon vil alltid ha eit visst klimaavtrykk,  eg meiner vi har ei global forplikting til å produsere mat på dei ressursane vi har. Verda treng meir mat, ikkje mindre.

 

Sigurd Reksnes

Fylkesleiar for Sogn og Fjordane Senterparti