Meny

Verdiar i spel

Sigurd Reksnes

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag svært store verdiar knytt til energiproduksjon.  Dei fleste av desse verdiane er samla i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE).  For Senterpartiet er det viktig å sikre at desse verdiane vert verande i fylket og at dei vert innbyggjarane til del.

SFE er ein stor aktør i energisektoren med stor produksjon av kraft i vårt fylke.  Ein ferdig nedbetalt kraftstasjon kan best samanliknast med ei kopimaskin som står og trykkjer opp pengar.  Alt tyder på at dette vil vere gjeldande også i framtida.

Sidan 2001 har SFE betalt ut 1200 millionar eller 1,2 milliardar kroner i utbytte til eigarane sine.  Dette i følgje årsrapportane til selskapet.  Grunnen til at eg reiknar frå 2001 er at då vedtok eit fleirtal i fylkestinget vedtok å selje delar av SFE til Bergenhalvøens Kommunale Kraftlag (BKK).  Senterpartiet røysta i 2001 mot å selje ut delar av SFE.  Sidan 2001 har kring 460 millionar kroner av aksjeutbytte frå SFE vorte betalt ut til BKK. 

Eg meiner Senterpartiet står på trygg grunn i vår handsaming av eigarskapen til fylkeskommunen i SFE. Vi var mot å selje til BKK i 2001, salet førte til at vi fekk ein medeigar som har ein lovfesta forkjøpsrett. Der røysta fleirtalet i fylkestinget desverre for å selje til BKK.

Det at deler av SFE i si tid vart seld til BKK har gjort denne saka vanskeleg. BKK har forkjøpsrett til aksjane på lik line med dei andre aksjonærane. Dersom aksjeposten som fleirtalet vedtok å selje framleis hadde vore i fylkeskommunalt eige så kunne vi gjort som i Nord-Trøndelag Fylkeskommune.  Der vedtok dei å dele ut aksjane til kommunane i fylket før Nord-Trøndelag vedtok å slå seg saman med Sør-Trøndelag til en ny Trøndelagsregion

SFE er ei av dei viktigaste verksemdene i fylket.  I tillegg til kraftproduksjon har SFE ansvaret for ein stor del av straumnettet – noko som er ein samfunnskritisk infrastruktur.  SFE står for ei stor verdiskaping i fylket og selskapet har mange tilsette rundt om i fylket, mellom anna ved hovudkontoret på Sandane og i nettselskapet i Florø. SFE har og satsa tungt på det som vert omtala som den nye kraftkrevjande industrien gjennom eigarskapen i Lefdal Mine Datasenter.

Senterpartiet skal stå på framover og kjempe for at vi skal behalde kraftressursane våre på folket i fylket sine hender.  Den enklaste måten å gjere dette på er at Sogn og Fjordane held fram som eige fylke. Senterpartiet seier ja til Sogn og Fjordane som eige fylke. Først og fremst fordi vi vil at makt og styring over vår eiga framtid skal ligg nær folk i fylket. Men og fordi vi ser at mykje står på spel. Om Senterpartiet kjem i regjering etter valet vil vi oppheve samanslåinga med Hordaland. Sei ja til Sogn og Fjordane og røyst Senterpartiet 11 september.

 

Sigurd Reksnes

Fylkesleiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti