Meny
Bli medlem

Vestland går for grøne snøggbåtar

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane

 Alle nye snøggbåtar i Sogn og Fjordane skal ta i bruk nullutsleppsteknologi seinast i 2024. Samarbeidspartia gjekk i dag inn for ei offensiv satsing på grøn sjøfart.

- Dette er ein stor dag for miljøsatsinga i Vestland. Med nullutslepps snøggbåtar vil vi bli eit føregangsfylke innan grøn sjøfart. Dette vil gje eit eit stort pluss i fylket sin klimarekneskap. 

Samtlege snøggbåtkontraktar i Sogn og Fjordane skal fornyast i 2022, og innan 2024 skal heile denne snøggbåtflåten driftast med nullutslepsteknologi. 

Det blei avgjort av eit breitt fleirtal beståande av samarbeidspartia Senterpartiet, MDG, KrF, Arbeidarpartiet, Sv og Venstre som også fekk med seg Høgre i saka.

- Me er utruleg glade for at også Høgre blei med oss på dette, og at så mange parti ser behovet for å satsa på framtidsretta kollektivløysingar. Med dette vedtaket vil totalt 17 snøggbåtar i fylket driftast med nullsleppsteknologi innan 2024. Eit slikt grønt skifte i snøggbåttrafikken vil ha stor miljø- og samfunnsmessig gevinst. Det viser også at det nye fylket tar miljøet på høgaste alvor.

Nå ser samarbeidspartia fram til at Vestland hamnar i  front på utvikling og bruk av grøn teknologi innan samferdselssektoren. Med denne grøne omstillinga bidrar også fylket til arbeidsplassar i distrikta.  

- Vi har mange særs innovative teknologimiljø som lenge har arbeidd med å utvikla framtidsretta løysingar for klimavennleg samferdsel. Nå får desse aktørane høve til å levera teknologien som vil gi oss ein ny og klimaeffektiv sjøfart her heime. Samstundes bidrar vi til at norske teknologimiljø kan bli verdsleiande innan elektrifiseringsløysingar og dermed koma i førarsetet for eksport av grøne løysingar til resten av verda.

Vedtaket er gjort med ei klar forventing om at regjeringa innfrir lovnadane om midlar til grøn omstilling i fylket.

- Samstundes som dette er eit stort steg for miljøsatsinga i Vestland, tar me også nå eit krafttak for at regjeringa skal nå sine klimamål. Difor forventar me også at regjeringa kompenserer med auka midlar til fylket for den viktige miljøsatsinga me nå har gått inn for. 

Følgjande blei vedteke i saka om  «Nytt snøggbåtanbod i Sogn og Fjordane» i fylkesutvalet:

Fylkesutvalet ber om at dei nye miljøanboda vert gjennomført i tråd med stortingsvedtaka om krav til null- og lågutslepp for alle nye ferje – og hurtigbåtar.

Fylkesutvalet ber om snarast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024 i tråd med ambisjonane vedtekne av fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Rutepakke 2 og 3 vert gjennomført med utlysning så raskt som mogleg slik dei var planlagt av administrasjonen i Sogn- og Fjordane, men med moglegheit for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen (t.d. hybridifiseringgrad etc.)

For rutepakke 1 ønskjer ein å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er muligheit til nullutsleppsteknologi frå oppstart av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1.mai 2024. '

Fylkesutvalet ber administrasjonen om å innrette anboda på ein slik måte at ein er i posisjon til å motta støtte frå ordningar Klimasats, NOx-fondet og Enova, og evt. med ein opsjon i tråd med punkt 12 i Sogn og Fjordane sitt vedtak om å synlegjere skilnad i kostnad på nullutslepp og konvensjonell teknologi.

Fylkesutvalget legg til grunn at meirkostnadar som Vestland fylke vil få for å gå føre med gjennomføring av Stortingsvedtaka vil bli kompensert med auka midlar i inntektsramma til fylka.

 

 

Denne artikkelen ble først publisert 04.12.2019