Yrkesfaga er grunnlaget for nærings og arbeidslivet vårt!
I Vestland Fylkeskommune ligg det no føringar for at det skal vere 15 elevar i kvar klasse på dei yrkesfaglege studieretningane. Det har vore ulik praksis i dei to «gamle» fylka. I Hordaland var det 15 elevar i kvar klasse, medan i Sogn Fjordane var det 12. Sogn og Fjordane Senterparti meiner at kor mange elevar det skal vere i klassene må konsekvensutgreiast, og fylkeskommunen må vurdere å opne for lokale tilpassingar.
Dersom skulane skal auke talet på elevar i klassene kombinert med krav om høg oppfyllingsgrad for å sette i gang klassene, så kan ein risikere at ein får for låg oppfyllingsgrad i distrikta, og både klasser og linjer kan bli lagde ned.
Næringslivet og arbeidslivet elles, er heilt avhengige av ei god breidde i opplæringstilbodet. Vi har mange bransjar som skrik etter fleire fagarbeidarar, og her må det leggast til rette slik at behovet for arbeidskraft og kompetanse vert dekka i heile Vestland. Det vil i neste omgang gje grunnlag for god utvikling i arbeidslivet og vekst i næringslivet.
Sogn og Fjordane Senterparti krev at talet på elevar i klassane på yrkesfag vert tilpassa slik at det vert mogeleg å oppretthalde god breidde i den yrkesfaglege opplæringa, med eit variert tilbod av programfag i alle delar av fylket. Dette vil vere avgjerande for å dekke behovet for fagarbeidarar i arbeidslivet, og for at så mange som mogeleg av dei elevane som skal frå grunnskule til vidaregåande slepp å flytte på hybel for å ta utdanning.