Gå til hovedinnhold

Nominasjonsprosessen i Telemark Sp er i gang

Nominasjonskomiteen som skal setje saman utkast til stortingslista 2021 er klar, og har starta sitt arbeid

Komiteen består av:

  • Anne-Nora Oma Dahle, Nissedal, leiar 
  • Knut Jarle Sørdalen, Kragerø, nestleiar
  • Bård Naas, Skien
  • Wenke Haaven, Tinn
  • Bjørn Nordskog, Kviteseid
  • Jon Olav Svartdal, Seljord, Senterungdommen
  • Torunn Brukåsa Kleiva, Nome, Senterkvinnene
  • Fylkessekretær Sveinung Leikvoll er sekretær for komiteen. 

Nominasjonskomiteen skal i 1. runde vende seg til lokallaga, Senterungdommen og Senterkvinnene for å be dei foreslå 5 namn kvar til stortingslista, kor eit namnv må vera frå eigen kommune. Medlemsinvolvering er viktig i denne prosessen og det er foreslått at lokallaga tar direkte kontakt med sine medlemmer for å få innspel. Fristen er 15.mai. 

Etter at innspela er komne inn, skal nominasjonskomiteen presentere tre til fem navn i uprioritert rekkefølgje på kandidater de ser å vera mest aktuelle for dei øvste plassane på vallista. Vidare skal lokallagene sette opp forslag til fullstendig liste, før nominasjonskomiteen presenterer si endelege liste som vert offentleggjort og sendast til utsendingane til nominasjonsmøtet som er beramma til 28. november kl 11.00 i Bø. (Bø Hotell)