Meny

Senterpartiet 100 år

 

19. juni fyller Senterpartiet 100 år. Partiet blei stifta på landsmøte til Norsk Landmandsforbund den 19. juni 1920 i Kristiansand under namnet Bondepartiet. Det var det andre klassepartiet som blei stifta. Det fyrste var Arbeiderpartiet. Ved sitt fyrste Stortingsval i 1921 fekk dei 17 Stortingsrepresentantar. 8 av desse var eller hadde vore ordførarar, og alle dreiv gard.

 

1920-åra var ei tøff økonomisk tid med prisras på landbruksvarer som gjorde at mange bønder fekk problem med å betale gjelda på garden. Det blei ei tid der mange mista garden på tvangsauksjon. Bondepartiet har frå starten meint at staten bør til ein grad regulere marknaden, og heile tida hatt trua på blandingsøkonomi. Bondepartiet fekk viktige resultat i tollsaka, kornsaka og med gjeldsordningar. Dei var med på kriseforliket med Arbeiderpartiet i 1935, noko som gav den fyrste Arbeiderpartiregjeringa. Det mest populære eller brukte slagord i politikken kom då frå Arbeiderpartiet etter dette samarbeidet: By og land, hand i hand. Bondepartiet fekk ei hand på rattet med gjennomslag for økonomiske tiltak som auka lønsemda i landbruket. Staten plikta seg til å kjøpe norsk korn i staden for billig korn frå Canada. Saman med tiltak som førte til at prisen på smør og kjøtt blei høgare.     

 

Etter krigen reiv Bondepartiet seg litt meir laus frå Bondelaget og Småbrukarlaget, og skifta namn til Senterpartiet i 1959. Den store saka var ikkje lenger primærnæringane åleine, men distriktspolitikken. Det er ei hovudssak også i dag. Desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital, tenestetilbod og busetnad: Ta heile Noreg i bruk. Og norsk eigarskap. Kampen mot EF/EU har vore og er framleis sentral.

 

Partidisiplinen har vore romsleg i Senterpartiet. Det har truleg medverka til at partiet ikkje har delt seg i nye parti. Eg vil tru at senterpartipolitikarar rundt om i kommunane i Telemark kjenner seg att i det. Vil du smake partipisk så må du skifte parti. 

 

Halvor Bunkholt frå Sauherad blei valt til Stortinget som medlem av Bondepartiet i 1950-1953, og for Senterpartiet frå 1958-1961. Ved båe desse vala stilte Bondepartiet/Senterpartiet felles liste med Høgre. Frå Telemark har Senterpartiet også vore representert på Stortinget med Terje Riis-Johansen frå Skien frå 1993-1997. Han satt også ved Kongens bord i Jens Stoltenberg sin regjering, fyrst som Landbruks- og matminister frå 2005 - 2008 og Olje- og energiminister frå 2008-2011. Frå 2017 har Åslaug Sem-Jacobsen frå Notodden representert Telemark Senterparti på Stortinget. 

 

Telemark Senterparti hadde ei flott markering av 100 års jubileet på Bø vidaregåande skule 5. mars med partileiar Trygve Slagsvold Vedum til stades. Landsmarkeringa som skulle vere på Lillehammer no i juni er koronautsett, men vi er 100 år likevel.