Meny
Olav Urbø:Luftambulanse nær folk

Luftambulanse nær folk

Senterpartiet vil etablere en base for luftambulanse i Vinje for å dekke dei områda av Agder og Telemark som i dag ikkje er innafor anbefalt responstid.

 

Det heilt grunnleggjande syn i Senterpartiet er at folk skal ha lige mogelegheiter uansett kor ein bur. Beredskap og tryggleik er heilt sentralt i så måte. Tryggleik for eige helse og at ein får rask hjelp i akutt situasjonar kan vere forskjellen på liv og død.

Dette handlar om ambulanse og responstid, GSM dekking og ikkje minst luftambulanse.

Senterpartiet vil etablere en base for luftambulanse i Vinje for å dekke dei områda av Agder og Telemark som i dag ikkje er innafor anbefalt responstid. Det er eit rettmessig krav at dei  som bur og oppheld seg i øvre del av Telemark skal få ta del i den akuttmedisinske utviklinga i Noreg. Dei har lang veg til sjukehus, og dette området har i dag lang responstid for luftambulanse med dagens baser.

Allereie i 2016 i Innst. 206 S-2015-2016 s. 62 skreiv Senterpartiet på Stortinget:

«Komiteens medlem fra Senterpartiet vil legge avgjørende vekt på at det både i Ryfylkerådet, Hardangerrådet og Vest-Telemarkrådet er enighet om at Åmot i Vinje kommuen vil være en svært god lokalisering for en ny luftambulansebase, som vil kunne betjene indre kommuner i både Telemark, Aust-Agder, Rogaland og Hordaland. Dette medlem støtter denne lokaliseringen.»

Senterpartiet har i sitt statsbudsjett for 2021 lagt inn 10 millionar kroner til oppstart av etablering av ein slik base.

Det er ikkje tvil om at Senterpartiet vil gjennomføre dette livsviktige løftet for innbyggjarane i øvre Telemark. Tida luftambulansen bruker fram til pasient er avgjerande for potensialet for å overleve og for rehabilitering.     

 

 

Olav Urbø

2.Kandidat Telemark Senterparti.