Vil redusere plastbruken til eit minimum
Birgit Johanne Kovajord Olsnes med forslag i Tokke formannskap 2504
Gruppeleiar for Senterpartiet i kommunestyret Birgit Johanne K. Olsnes fremja fylgjande framlegg om plast:
"Tokke kommune bør gå føre med eit godt døme på korleis ein kan redusere bruken av plastemballasje, eingongsplast og arbeidstøy/utstyr som forureinar med mikroplast i vassdrag, vatn og i miljøet elles. Formannskapet ber administrasjonen lage ei sak til kommunestyret som viser korleis vi kan redusere plastbruken til eit minimum."