Her er kommuneprogrammet 2015-2019
Tokke – ein positiv og veldriven kommune
Ta heile Tokke i bruk
· Tokke kommune skal vera ein god kommune å leve og bu i for alle innbyggjarane. Vi som bur i Tokke skal vera stolte av kommunen vår, og alle skal føle seg heime.
· Tokke kommune skal vera open og inkluderande. Kommunen skal levere gode tenester til innbyggjarane sine i heile kommunen.
· Kommunesamanslåing: Tokke Senterparti meiner Tokke kommune ikkje bør bli ein del av ein stor Vest-Telemark kommune. Tokke Senterparti vil utgreie om samanslåing med Vinje kommune eller Fyresdal kommune kan gje betre tenester til innbyggarane i Tokke. Alternativt vil Tokke Senterparti vidareføre dagens kommune med eit auka interkommunalt samarbeid.
Næringsutvikling
· Vi ynskjer å trygge eksisterande næringsliv, støtte vekst i eksisterande næringar og støtte etablering av nye verksemder.
· Det vil vera viktig å stimulere personar til å starte enkeltmannsføretak. Næringsavdelinga i kommunen må styrkast.
· Tokke Senterparti vil satse på næringshage på Dalen.
· Vi vil også utvikle næringsarealet i Høydalsmo. Vi ynskjer ein informasjonsplass og badeplass for vegfarande langs E-134 mellom bensinstasjonen og Oftevatn .
· Tokke Senterpart vil sikre vidare utvikling på Hallbjønnsekken.
Oppvekst
· Tokke Senterparti vil at skulane i kommunen skal vera best i fylket på nasjonale målingar både på fag, trivsel og læringsmiljø. Vi vil ha eit inkluderande skulemiljø med nulltoleranse for mobbing.
· Vi meiner ein desentralisert skulestruktur er viktig for oppvekstmiljøet. Vi vil ha full barnehagedekning i kommunen, og ynskjer at borna skal få tilbod i nærbarnehagen.
· Tokke Senterparti vil ha fokus på samarbeid mellom næringslivet i regionen og den vidaregåande skulen. Slik får ungdom eit tidsriktig utdanningstilbod som kan sikre dei ei god yrkesmessig framtid i kommunen.
Kommunal drift
· Tokke kommune har godt kvalifiserte, motiverte og engasjerte medarbeidarar. Arbeidstakarane er kommunen sin viktigaste ressurs.
· Tokke Senterparti vil bidra til eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette i kommunen. Tokke kommune skal vera ein attraktiv arbeidsplass. Gjensidig tillit er viktig for at alle tilsette i kommunen skal trekke lasset i same retning.
Andre viktige saker
· Tokke Senterparti vil jobbe for ei god eldreomsorg med sikte på at innbyggjarane skal få bu heime så lenge dei ynskjer
· Tokke Senterparti vil jobbe for utbetring av vegar lokalt med ei vegpakke for Tokke. Sp vil også jobbe for E134 som stamveg og heilårsopen veg over Suleskar.
· Tokke Senterparti meiner frivillige lag, organisasjonar, grendehus og kultur- og idrettsarrangement er eit viktig fundament i lokalmiljøet. Slike lag må få auka støtte.