Meny
Bli medlem
Stortingsprogram 2021-2025

Stortingsprogram 2021-2025

Sist endret: 22.09.2021

Vi trur på heile Noreg

Senterpartiet vil bygga samfunnet nedanfrå. Vi arbeider for eit samfunn der menneske kan utvikla seg i fridom og tryggleik, der vi tar ansvar for eige liv, for fellesskapet og for naturen. Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar. 

Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske skilnadar. Rettferdig fordeling, små skilnadar, gode levekår og sosial tillit heng tett saman. Senterpartiet skal jobba for utjamning mellom samfunnsgrupper, mellom landsdelar og mellom rike og fattige land. 

For å oppnå rettferdig fordeling treng vi eit levande folkestyre og ei tydeleg desentralisering av makt, kapital og busetjing. Ein sunn balanse mellom offentleg og privat eigarskap har gjort Noreg til eit høgproduktivt land med gode offentlege tenester. Senterpartiet vil utvikla den norske velferdsmodellen, styrka den private eigedomsretten og løfta fram folkestyret og blandingsøkonomien som det beste alternativet til marknadsliberalisme.

Jorda er ein arv som vi forpliktar å forvalta for etterkomarane våre, og miljø- og klimaproblema er vår tids største utfordring. Dette er ei ramme rundt all politikk. Natur, miljø og klima må derfor sjåast i samanheng med alle andre samfunnsmål, og sikra ei forsvarleg og berekraftig forvalting av ressursane og miljøet. 

Senterpartiet vil at Noreg skal ta sin del av ansvaret for å løysa miljø- og klimaproblema. Vi støttar òg internasjonale samarbeidsinitiativ som gjev effektive, globale utsleppskutt. 

Fred mellom folk og nasjonar bygger på gjensidig respekt og toleranse. Noreg må arbeida for ei verd der konfliktar vert løyst med politiske og diplomatiske middel. Senterpartiet vil styrka den nasjonale sjølvråderetten og meiner mellomstatleg samarbeid mellom sjølvstendige land tar best hand om behovet til borgarane. Senterpartiet vil forsvara menneskerettane og den liberale rettsstaten. 

Det bur folk i heile Noreg, i bygd og by. Det er inga sjølvfølge at det er slik, og det er inga sjølvfølge at det skal fortsetja å vera slik. Senterpartiet vil føra ein politikk som gjer at folk på fritt grunnlag kan velja kvar dei vil bu, enten det er i tettstadar, småbyar, bygder eller storbyar. Vi vil sørga for at arbeidsplassar, infrastruktur, velferdstilbod, tryggleik og moglegheiter finst over heile Noreg, i store og små samfunn. 

Gode tenester nær folk gjev tryggleik og føreseielegheit i kvardagen. Alle har rett på gode tenester i nærmiljøet. Oppvekst- og utdanningstilbod, helse- og omsorgstenester og politi/brannvesen skal vera godt utbygd over heile landet. God beredskap krev lokal forankring. Oversiktlege samfunn der alle tar vare på kvarandre og har gode levekår er den beste beredskapen.

Sentralisering og negative konsekvensar av stordrift rammar heile landet, ikkje berre distrikta. Også i byane og i tettbygde strøk opplever folk at tenestene vert flytta frå nærmiljøet og at lokalkunnskap, nærvær og tryggleik forsvinn. Ressursane som før var til stades for å førebygga, hjelpa og lytta flyttar ut av lokalsamfunna og inn i store, sentraliserte einingar. 

Sentralisering er tett knytt til byråkratisering, som ofte er forstadiet til privatisering. Sentralisering fører dessutan ofte til eit meir sårbart samfunn medan desentralisering fører til eit meir robust samfunn. Vårt «nei» til sentralisering og stordrift er eit «ja» til eit mangfaldig Noreg med likeverdige moglegheiter, uansett kvar du bur. Ein politikk for heile Noreg er den beste politikken både for bygd og by. Kommunar og fylke er under økonomisk press og bruker mykje krefter på å vurdera nedskjeringar. Det er lite rom for å inspirera eller bidra til utvikling. Dette må endrast.

Senterpartiet er eit folkestyreparti. Vi meiner at avgjerder skal fattast av folkevalde som kan kastast eller vert valde att av veljarane ved val. EU og EØS er overnasjonale organisasjonar som flyttar makt og ressursar lenger vekke frå folk. Derfor er Senterpartiet mot norsk medlemskap i EU og vil greia ut alternativ til EØS-avtalen som tilknyting til den europeiske marknaden.

Senterpartiet ønsker at dei felles ressursane våre – som vind- og vasskraft, havressursar, olje og gass, mineral og metall, jorda og skogen – skal vera under norsk styring. Norske naturressursar skal forvaltast slik at dei skapar arbeid og velferd for folk i heile Noreg. Det vert gjort best frå Noreg, av folkevalde organ.

Nynorsk (PDF)Nynorsk (Word)

Bokmål (PDF)Bokmål (Word)

Denne artikkelen ble først publisert 22.06.2021