Meny

Ein framtidsretta forsvars- og tryggingspolitikk

Resolusjon vedtatt på Senterpartiets landsmøte 26. mars 2017:

Målsetjinga for forsvars- og tryggingspolitikken er å hevde norsk suverenitet og sikre nasjonale interesser.  Senterpartiet ynskjer eit nasjonalt forsvar bygd på verneplikt og som er til stades i heile landet.  Hovudoppgåva til Forsvaret er å trygge norsk territorium, inkludert havområda våre.

Ein framtidsretta forsvars- og tryggingspolitikk

Målsetjinga for forsvars- og tryggingspolitikken er å hevde norsk suverenitet og sikre nasjonale interesser.  Senterpartiet ynskjer eit nasjonalt forsvar bygd på verneplikt og som er til stades i heile landet.  Hovudoppgåva til Forsvaret er å trygge norsk territorium, inkludert havområda våre.

I si trusselvurdering for 2017 slår PST fast at den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa og i nærliggjande område er meir usikker og uføreseieleg enn på lenge.  Beredskapen er ikkje god nok i Noreg.  Riksrevisjonen slår fast som særs alvorleg  at korkje politiet eller Forsvaret sikrar offentlege bygningar og installasjonar godt nok.

I denne situasjonen er det særs urovekkjande at regjeringa byggjer ned Heimevernet og legg ned Sjøheimevernet i sin heilheit.  Medan Heimevernet  skal sikra 40 prosent fleire nøkkelobjekt, blir det som følgje av den nye langtidsplanen for Forsvaret 7000 færre HV-soldatar.  Senterpartiet ser eit operativt og desentralisert heimevern med gode kapasitetar som ein avgjerande viktig del av totalforsvaret. Difor vil Senterpartiet auke Heimevernet sin struktur, auke årleg trening og investere i moderne våpen og personleg utrustning til alle HV-soldatar. For å styrkje beredskapen i Noreg vil Senterpartiet  innføre seks månaders HV-utdanning, om naudsynt ved hjelp av  «geografisk utskriving» for å  sikre eit landsdekkande Heimevern.

Regjeringas langtidsplan for Forsvaret sikrar ikkje Hæren naudsynte kapasitetar som stridsvogner, artilleri og helikopter. Investeringane i Hæren må difor aukast i åra som kjem. Senterpartiet vil oppretthalda baser i høve til våre prioriteringar i Langtidsplanen for Forsvaret 2017-2021. Senterpartiet vil auke det årlege inntaket av vernepliktige og utgreie oppretting av ein ny mobiliseringsbasert brigade i Noreg. 

Noreg har ei av verdas lengste kyststriper, og særs verdfulle naturressursar.  Senterpartiet vil vidareføre og styrke Sjøheimevernet og setja fartya på vatnet igjen. Senterpartiet vil og sikre drifta av korvettane i Sjøforsvaret.

Åtak i det digitale rom er ei veksande utfordring.  Noreg må intensivere oppbygging og kapasitet til å førebygge cyberangrep mot norske interesser.  Dette må skje gjennom å arbeide på tvers av sektorar og i eit tett samarbeid mellom sivile og militære aktørar.

Eit trygt Noreg føreset eit forsvar som kan handtere ei rekkje ulike trugsmål og kriser, alt frå handheving av suverenitet over naturressursar, press mot norsk grense, omfattande og koordinert terror, cyberangrep eller invasjon. Landet treng difor å ruste opp alle forsvarsgreinene for å forsvare både luftrommet, kyst og havområde og landterritoriet. Eit sterkt forsvar får me når desse sektorane evnar å samarbeide saumlaust under god leiing og me har nok menn og kvinner med vilje, evne og kunnskap til å forsvare landet. Senterpartiet vil auke løyvingane til Forsvaret til 2% av BNP innan 2024.

 

Senterpartiet krev at veljarane får vite kva hær og heimevern dei ulike partia vil prioritere før stortingsvalet i september. Regjeringa si såkalla landmaktsutgreiing må offentleggjerast i god tid før valet.