Meny

Landet treng ein nasjonal rassikringsplan

Resolusjon vedtatt på Senterpartiets landsmøte 23. mars 2019:

Siste året har det gått 2624 skred på veg ifølge vegkart.no. Heile 271 av skredhendingane førte til fullstendig vegstenging, og i hundre tilfelle førte skred til vesentlege skader på vegen. At ikkje fleire enn tre personar vart skadde må i stor grad tilskrivast utstrekt stenging av vegar, grunna rasfare. Ser me på dei siste 10 åra ligg årsgjennomsnittet på 2380 skred, og 263 stengingar for all trafikk.

For dei som bur i desse områda skaper det utryggleik, uvisse og er ein stor belastning i kvardagen. Det hindrar folk i å koma seg på jobb, skule og fritidsaktiviteter. Ei forutsetning for at me skal ha busetting og næringsutvikling i heile landet, er trygge og framkommelege vegar som folk kan ferdast på, utan å være hindra av ras.

 

I nyhendebiletet framstår hendingane som meir eller mindre tilfeldige enkeltsaker, spreidd rundt omkring i det meste av landet. Merksemda er sterk lokalt, ved store hendingar også nasjonalt, men det er lite fokus på å sjå dette i eit heilskapleg perspektiv. Det manglar konkrete mål for å løyse dei samla utfordringane med skred på vegnettet.

 

Senterpartiet ber om at det i fystkommande rullering av Nasjonal Transport Plan (NTP) blir laga ein heilskapleg, nasjonal skredsikringsplan som omfattar alle dei farlegaste skredpunkta på riks og fylkesvegar i Noreg (skredfaktor høg og middels) innanfor ei tidsramme på 12 år. Eit uttrekk av data frå Statens vegvesens vegkart viser at dei berekna totale kostnadane for sikringsprosjekt med høg og middels skredfaktor ligg på omlag 51 milliardar kroner. Til samanlikning er de samla løyvingane til skredsikring for 2019 1,87 milliardar kroner.

Senterpartiet vil:

· Ved neste rullering av NTP laga ein heilskapeleg nasjonal rassikringsplan for dei farlegaste skredpunkta på riks og fylkesvegar innanfor ei tidsramme på 12 år.

Last ned resolusjonen her