Meny
klubbe.jpg

Stopp overstyringa av det lokale sjølvstyret!

Vedteke på Senterpartiets landsmøte 4. juni 2021

Senterpartiet vil styrkje det lokale sjølvstyret, og redusere dagens statlege overstyring. Det er eit klart mål for Senterpartiet at folk skal få størst mogleg ansvar, fridom og fleksibilitet til å ta viktige avgjersler for sine lokalmiljø.

Solberg-regjeringa har med hard hand overstyrt vedtak i kommunestyre og fylkesting, og tvinga gjennom sentralisering på tvers av lokale ønskje. Senterpartiet er sterkt kritisk til den sentraliserande politikken som regjeringa fører, som politireforma, vedtak om sjukehusstruktur og ambulanseteneste, skattereform og NAV-reform. Fellesnemnaren for alle reformene er svekka tilgang til velferdstilbod og sentralisering av arbeidsplassar.

Innan andre sektorar blir det lokale sjølvstyret òg overprøvd og overstyrt. Regjeringa har foreslått å skrote nærskuleprinsippet i vidaregåande skule ved å ta frå dei folkevalde i fylka mynde til å sjølv avgjere inntaksmodell gjennom eit nasjonalt pålegg om karakterbasert opptak.

År etter år har vedtaka til rovviltnemndene blitt overprøvd av dagens regjering. Konsekvensen er at uttak av rovdyr ikkje speglar bestandsmålet, noko som fører til eit høgt konfliktnivå og manglande tillit til styresmaktene i rovdyrspørsmål.

Mange kommunar ønskjer vern gjennom bruk og lokal forvaltning av naturområda sine, der verneverdiar som er opparbeida gjennom generasjonar blir tatt vare på gjennom berekraftig bruk. I staden presser regjeringa på for statleg vern via statsforvaltaren, framfor å lytte til lokale ønskje.

Kommunane og fylkeskommunane er grunnmuren i folkestyret vårt, med ei sentral samfunnsutviklarrolle og ansvar for heilt grunnleggjande tenester i folks liv. Senterpartiet er motstandar av kommune- og regionreforma som regjeringa sette i gang i 2014, og som fører til sentralisering og svekka folkestyre. Senterpartiet meiner at eventuelle kommune- og fylkessamanslåingar skal vere frivillige og at oppslutnaden om dei skal vere avklart i lokale folkerøystingar.

Tvangssamanslåinga av fylke og kommunar er konstruksjonar utan folkeleg demokratisk legitimitet. Fleire av samanslåingane blei gjort i strid med klare vedtak i fylkesting og kommunestyre om å halde fram på eigen kjøl. Heile 87 prosent av finnmarkingane sa nei til samanslåing med Troms, men regjeringa pressa likevel gjennom ei samanslåing. Fleire meiningsmålingar har vist fleirtal blant innbyggjarane mot Viken. Ei fersk meiningsmåling utført av InFact for Lokalsamfunnsforeininga i april 2021 stadfester den store folkelege motstanden mot Viken. Same undersøking viser at eit fleirtal av innbyggjarane i Vestland, Innlandet og Vestfold og Telemark vil ha dei opphavelege fylka tilbake.

Verkemidla til regjeringa har vore økonomisk press og lovnadar om overføring av oppgåver frå stat til fylkeskommune og kommune. Resultatet har førebels latt vente på seg. Dei nye oppgåvene består i hovudsak av å administrere statlege ordningar og er overført utan at noko finansiering følgjer med. I tillegg brukar regjeringa inntektssystemet til kommunane til å presse fram kommunesamanslåingar ved å favorisere større kommunar.

Erfaringane så langt viser at dei samanslegne fylka ikkje utgjer noko naturleg geografisk eining for statsforvaltninga. Av 20 statlege organ i Viken er det ingen som følgjer dei same geografiske grensene som fylkeskommunane.

Senterpartiet går inn for ei omfattande oppgåveoverføring til kommunar og fylke på område som vil tene på at lokal kompetanse og forvaltningskunnskap blir brukt når løysingane blir utforma. Medan

Høgre og Frp vil leggje ned fylkesnivået og forsterke sentraliseringspolitikken, vil Senterpartiet tvert om styrkje fylka med oppgåver og mynde. Senterpartiet meiner at alle avgjersler som krev politisk skjønn må avgjerast av folkevalde som står til ansvar for veljarane ved val.

Senterpartiet vil gjennomføre ei omfattande desentralisering av makt og arbeidsplassar ut i heile landet. Dette arbeidet må starte med å flytte ut oppgåver, statlege arbeidsplassar og å redusere det statlege byråkratiet. Medan regjeringa systematisk har kutta i regionale utviklingsmidlar, vil Senterpartiet gi fylka større rom til å drive samfunnsutvikling. Ei styrking av kommune- og fylkesøkonomien er ein føresetnad for å løyse nye oppgåver lokalt.

Senterpartiet vil oppheve tvangssamanslåingar vedteke i Stortingsperiodane 2013–2021 for alle kommunar og fylke der det er lokale ønskjer om å gå tilbake til tidlegare kommune- og fylkesstruktur. Landsmøtet i Senterpartiet meiner dette må vere ein del av ei regjeringserklæring frå ei Senterparti/Ap-basert regjering.

Last ned resolusjonen i PDF