Meny
Bli medlem

Heile landet på nett

Sist endret: 27.09.2020

For Noreg er det viktig at flest mogleg har høghastighets nettilgang fordi fleire og fleire oppgåver må løysast digitalt. At alle får tilgang mogleggjer auka digitalisering og auka deltaking i den digitale fellesskapen. Nettilgang er i dag avgjerande infrastruktur for å sikre verdiskaping og busetjing i heile landet.

Uttale vedtatt av Senterpartiets landsstyre 29. oktober 2018:

Heile landet på nett

For Noreg er det viktig at flest mogleg har høghastighets nettilgng fordi fleire og fleire oppgåver må løysast digitalt. At alle får tilgang mogleggjer auka digitalisering og auka deltaking i den digitale fellesskapen. Nettilgang er i dag avgjerande infrastruktur for å sikre verdiskaping og busetjing i heile landet.

Stortinget har satt som målsetting at 90% av husstandane i landet skal ha tilgang til nett med 100 mbit/s kapasitet innan 2020. Regjeringa har ikkje fulgt opp, og dekninga i denne kapasitetsklassa er no 82%. Senterpartiet har som mål om 100% dekning med 30 mbit/s hastighet. Me kan ikkje tillata eit samfunn der 10% står utanfor. 30 mbit/s er kravet for å delta i ordninga med statleg stønad.

Kostnaden med å gje dekning til alle er om lag 4,4 mrd. Med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett vil det ta 44 år! I fjor vart det søkt om statleg stønad på 589 millionar. Det er openbart at løyvingane må opp.

Det er vesentlige skilander mellom grisgrendte og tettbygde strok. Rundt 96 % av husstandane i tettbygde strok har tilbod om et høgkapasitetsnett (30Mbit/S og over). Tilsvarande tal for spreiddbygde strok er 37%.

Senterpartiet har dei siste åra levert i våre alternative statsbudsjett. Vi har ikkje 44 år. Løyvingane må opp, og Senterpartiet krev at Stortinget aukar innsatsen på breibandsutbygging.

Denne artikkelen ble først publisert 29.10.2018