Meny

Noreg må få ei nasjonal støtteordning for toleransereiser

Toleranse, forståing og respekt for andre menneske er kanskje det mest grunnleggjande norske skuleelevar bør få kunnskap om og opplæring i, seier Senterpartiet i ein uttale vedtatt av partiet sitt landsstyremøte 6. april 2018.

Uttale vedtatt av Senterpartiets landsstyre 6. april 2018:

Noreg må få ei nasjonal støtteordning for toleransereiser

Toleranse, forståing og respekt for andre menneske er kanskje det mest grunnleggjande norske skuleelevar bør få kunnskap om og opplæring i.

I vår nære historie finn vi døme på grufulle og umenneskelege handlingar som viser kor langt ein kan gå når ein manglar djup forståing for alle menneske sitt likeverd. Nazistane sitt forsøk på å utrydde einskilde grupper i samfunnet (jødar, sigøynarar, homofile, funksjonshemma osv.) vil for alltid vere ein skamplett på menneskehistoria. I dag syner framveksten av høgreekstreme miljø både i Noreg og Europa at toleransearbeid er viktigare enn nokon gong.

Noko av det beste toleransearbeidet skjer i skulen. I fleire tiår har norske skulerelever vitja tidlegare konsentrasjonsleira for å sjå stadane der fleire millionar medmenneske vart myrda og mishandla. Desse danningsreisene har sett djupe spor i mange og truleg bidrege til at det norske samfunnet i stor grad er ope og tolerant.

Diverre gjev færre og færre skular tilbod om slike toleransereiser. I stor grad handlar dette om dårleg kommuneøkonomi. Senterpartiet vil difor at staten gjev eit handslag til det lokale toleransearbeidet ved å opprette ei nasjonal stønadsordning for toleransereiser.