Meny
2024 Vold

Vald i nære relasjonar – styrk det førebyggande arbeidet!

Uttalelse fra Senterpartiets landsstyremøte 15.-16. april 2024: 

Den seinaste tida har vi blitt kjent med alvorlege hendingar. Vald og overgrep i nære relasjon, og mot born, er diverre meir vanleg enn vi likar å tru. Det er alvorleg kriminalitet med store konsekvensar for den som opplev det eller som lev i tilvære med vald.

Diverre vert mange parforhold og familiar prega av fysisk vald, psykisk vald og/eller seksualisert vald. Å leve med redsel i det daglege, pregar vaksne og born. Å sjå mor verte slått, er like skadeleg som å verte slått sjølv. Foreldra som skulle vera tilgjengelege som trygge vaksne, verte utrygge.

Den mest grunnleggjande tryggleiken i eigen heim må verte sikra. Regjeringa la i desember 2023 fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot born og vald i nære relasjonar. Planen sitt hovudmål er å forhindre at vald i nære relasjonar skjer. Politiet si førebyggande verksemd, etterforsking og straffeforfølging står sentralt. Planen skal legge til rette for meir heilskapleg og samordna innsats mot vald og overgrep, på tvers av sektorar. Senterpartiet meiner det er rett av regjeringa å prioritere dette arbeidet, og at det er bra at det er lagt fram ein plan med høgt ambisjonsnivå og over 100 tiltakspunkt.

God førebygging og tidleg innsats kan redusere behovet for meir omfattande tiltak seinare. Arbeidet må starte tidleg. Senterpartiet meiner tilbodet til fyrstegangsforeldre og –fødande må verte styrka, for å gje tryggleik og meistring i foreldrerolla. Det trengs eit styrka tilbod til foreldre i svangerskapet og dei to første åra av bornet sitt liv. Samarbeidet mellom helsestasjon, barnehage/skule og foreldre må vidare verte styrka. For å bidra til å bygge haldningar og verdiar, samt god seksualhelse, må undervisninga om kropp, seksualitet, relasjonar og grenser starte tidleg.

Vi må fortsetje å satse på helsetenesta i alle kommunar, frå jordmor og helsesjukepleiar til barnevern og psykolog. Å verte kjent med familiane, kan skape tillit som gjer at ein kan tørre å søke hjelp når store og små har det vanskeleg.

Familievernkontora er eit gratis lågterskeltilbod med tilbod til par og familiar i strevsame livsfasar. Dei må få auka kapasitet. Desse kontora har ansvar for mekling når foreldre skal flytta frå kvarandre, og vil kunne ha ei viktig rolle når det er fare for vald. I tillegg har dei blant anna sinnemeistringskurs, som hjelper mange. Kirkens familievernkontor melder at alle familievernkontor no ser seg nøydde til å trappe ned tilbodet, og at dette særleg kan råke distriktskontor.

Personar som oppsøkjer politiet og som gjev forklaring på korleis dei verte utsett for vald og truslar frå ein anna person, må takast på alvor. Det kan ikkje vera den valdsutsette som må ta ansvar for å halde seg vekke, men valdsutøvaren som må få tydelege restriksjonar. Besøksforbod som tiltak for å beskytte må verte handheva betre, og omvendt valdsalarm må verte vurdert framfor flytting til hemmeleg adresse, særleg om born er involvert. Det er heilt vesentleg at vald og overgrep vert avdekka og oppklart, så valdsutøvar vert straffeforfølga og får ein adekvat reaksjon.

Regjeringa har fått på plass endringar som gjer det enklare og raskare for politiet å ta i bruk omvendt valdsalarm. Det meiner Senterpartiet er ei viktig endring, som gjer at det er trusselutøvar og ikkje valdsutsette som må ta byrda med å bere valdsalarmen. Ei riktig endring, for å betre beskytte personar som risikerer å verte utsett for vald.

Krisesentera må verte betre kjent i befolkninga. Også deira dagtilbod. Eit arbeid med revidering av krisesenterlova er i gang. Senterpartiet meiner det er behov for å forsterke krisesentera sitt ansvar og å tydeleggjere ansvaret dei har i det førebyggande arbeidet.

Senterparti vil:

  • styrke tilbodet til førstegangsforeldre gjennom svangerskap og bornet sine to første leveår, for å gje dei tryggleik og meistring i foreldrerolla.
  • at undervisninga om kropp, seksualitet, relasjonar og grenser startar tidleg.
  • at helsetenesta må få styrka ressursar for å ha fokus på førebygging av vald.
  • at familievernkontora skal styrkast for å kunne gje hjelp til vaksne og born i krevjande tider, og for å oppdage og førebygge vald.
  • at omvendt valdsalarm vert vurdert framfor flytting til hemmeleg adresse.
  • at krisesentera sitt ansvar for førebyggande arbeid vert tydeleggjort i lovverket.