Meny
Senterpartiet med eigen plan for Nord-Noreg

Senterpartiet med eigen plan for Nord-Noreg

Tysdag 15. juni var Trygve Slagsvold Vedum i Tromsø og la fram Senterpartiet sin plan for vekst og utvikling av Nord-Noreg. Satsing på fly, tog, fylkesvegar, båt og ferjer er ein del av planen for å knyte landsdelen betre saman. Etablering av studieplassar, styrking av lokalt politi og helsetilbod er ein del av planen for å sikre teneste nær folk. Lokal verdiskaping av fiskeriressursane, industrisatsing og ein aktiv skattepolitikk er blant grepa for å sikre verdiskaping i nord.

Sist endret: 25.06.2021 #Nordland#Troms#Finnmark

Nord-Noreg er hardt ramma av regjeringa sine sentraliserande reformar. Dei to siste åra har 7 746 personar flytta ut av landsdelen. Viss Senterpartiet får regjeringsmakt skal denne utviklinga snuast om på.

− Nord-Norge er rikt på ressursar, mogelegheiter, historie og folk med initiativ og pågangsmot. Men landsdelen har diverre vore hardt ramma av den eine sentraliseringsreforma etter den andre. Det har gjort Nord-Noreg fattigare på statlege arbeidsplasser, og etter kvart fattigare på folk, seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, før han held fram med kvifor Senterpartiet legg fram ein eigen plan for Nord-Noreg:

− Vi skal ikkje investere i Nord-Noreg fordi det er synd på folka som bur der. Vi skal investere fordi det er avgjerande viktig for heile Noreg med ei positiv utvikling i nord. Vi må lære av historia vår, og igjen gjere det til ei nasjonal oppgåve og plikt å bygge ut Nord-Noreg.

trygve-slagsvold-vedum_29698394412_o.jpg
Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum

Skal bygge Nord-Noreg-bana

I planen går Senterpartiet inn for å bygge Nord-Noreg-bana, få fleire avgangar og ei halvering av prisane på kortbanenettet, sette ein makspris på ferjer og hurtigbåtar og satsing på fylkesvegane.

Gjennom å knytte landsdelen betre saman internt, og med resten av landet, legg Senterpartiet til rette for at folk kan bu der dei vil og skape verdiar der. I tillegg lyttar Senterpartiet til folk og skal få Troms og Finnmark tilbake som sjølvstendige fylker.

Gjenopprette Campus Nesna og etablere fødetilbod i Alta

For å sikre tenester nær folk går Senterpartiet inn for å gjenopprette Campus Nesna, lovfeste responstida for ambulanse og redusere responstida for politi, utreie etablering av fødetilbod i Alta og opprette ein politihelikopterbase i Nord-Noreg.

Nordmenn over heile landet skal ha tilgang til grunnleggande offentlege tenester for at dei skal kunne ha tryggleik i kvardagen. I tillegg tilfører dette lokalsamfunna offentlege arbeidsplassar noko som er viktig for å ha ein variert arbeidsmarknad. Difor skal Senterpartiet og flytte fleire direktorat og statlege arbeidsplassar til Nord-Noreg.

Lokale arbeidsplassar av lokalt fiske

Senterpartiet sin plan går inn for å auke verdiskapinga i nord gjennom å sørge for levering av fisk til land, sikre industrien tilgang på tilstrekkeleg og rimeleg energi og redusere skattar og avgifter som selskapsskatten i Nord-Noreg.

Nord-Noreg har fantastiske ressursar. Gjennom å legge til rette for meir lokal forvalting av ressursane vil vi auke verdiskapinga i Nord og i heile landet. Eit tiltak Senterpartiet vil sette i gang for at Nord-Noreg kan tiltrekke seg meir arbeidskraft er å auke skattefrådraget i tiltakssona.

Tiltak for heile landet

Mange av tiltaka i Senterpartiet sin Nord-Noreg-plan er spesifikke for Nord-Noreg, men mange er og distriktspolitiske tiltak for heile Noreg. Tiltaka innan styrking av helsetenestene, lokalt politi, kortbanenettet, ferjer og hurtigbåtar og ei nasjonal industrisatsing er nasjonale tiltak som vil styrke distrikta våre frå nord til sør, og aust til vest.

Her er "HELE NORD-NORGE" - Senterpartiets Nord-Norgeplan

Denne artikkelen ble først publisert 15.06.2021

Relaterte personer

Trygve Slagsvold Vedum

Leder og stortingsrepresentant Telefon: 23 31 33 93 Les mer